Erling Lægreid () var ein norsk forfattar og journalist tilknytt NRK gjennom fleire tiår. Han er kjend som programleiar, kåsør og kommentator.
Lægreid vaks opp på Årdalstangen i Årdal kommune. Han opplevde den tyske okkupasjonen, då tyskarane byrja bygginga av det som seinare skulle bli Årdal og Sunndal Verk. Lægreid utdanna seg til filolog og tok hovudfag i norsk ved Universitetet i Oslo i 1965. I 1962 var han med på å skipa Riksfondet for nynorsk presse og Dag og Tid. Forutan å skrive om litteratur, film og teater var han tidleg engasjert i den daglege drifta av avisa, og fungerte ei stutt tid som redaktør. Med unntak av to år var han styreleiar i Dag og Tid frå 1967-1989. Frå 2009 og fram til han døydde hadde han ei eiga spalte i avisa kvar han skreiv om personar han hadde møtt gjennom eit langt liv som journalist. Dei siste åra sat han òg som styreleiar i Riksfondet for nynorsk presse.
Lægreid blei tilsett ved NRK i 1970, først i Barne- og Ungdomsavdelinga der han mellom anna var programleiar i Ungdommens Radioavis og fjernsynsprogrammet Flimra. Seinare var han lenge programleiar for Søndagsavisa i P2, og var med på å skapa radiomagasina Ekko og Dagsnytt 18. Lægreid arbeidde dessutan med fleire andre kulturprogram, og bidrog som kommentator og kåsør både i fjernsyn og radio.
Lægreid gav også ut fleire bøker.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Prisar 2006 – Amboltprisen
Kjelder
«Erling Lægreid» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 28. juni 2010. Erling Lægreid i Stemmer fra arkivet på NRK.no «Erling Lægreid er død», NRK.no
Bakgrunnsstoff Portrett av Erling Lægreid på NRK.no. Om Erling Lægreid i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske journalistar Kategori:NRK-tilsette Kategori:Folk frå Årdal Kategori:Forfattarar frå Årdal Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Vinnarar av Amboltprisen