Dunedin (), maori Ōtepoti, er den nest største byen på Sørøya på New Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på 123 700 menneske.Estimat 30. oktober 2009. , Statistics New Zealand Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010, då Auckland Council vart danna, byen med den største flatevidda i landet. Både historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentera på New Zealand.

Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidet på halvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.

Den største verksemda i byen er høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen.

Historie Maori-busetnadar

Arkeologiske funn tyder på at den første maori-innvandringa til New Zealand fann stad mellom år 1250 og 1300, og at busetnaden var konsentrert i det søraustlege kystområdet.; ; Ein leirstad ved Kaikai's Beach, nær Otago Heads, har vorte tidfesta til om lag denne tida. Der er talrike gamle fangststadar etter moajegerar i det som no er Dunedin, fleire av dei har vore store og permanent busette, særleg gjennom 1300-talet. & Folketalet gjekk attende, men auka att med utviklinga av den klassiske kulturen då det vart bygd fleire pā, forskansa busetnadar, til dømes Pukekura ved Taiaroa Head, kring 1650. Der var ein busetnad i det som no er sentralt i Dunedin (Ōtepoti) så seint som kring 1785, men som var fråflytta i 1826.Turton, Hanson "Introductory"in ;

Maorioverleveringar fortel at først budde eit folk, kalla Kahui Tipua, i dette området, deretter Te Rapuwai, ei halvlegendarisk ætt, men sett på som historisk. Dei neste som kom var Waitaha, følgde av Kāti Mamoe seint på 1500-talet, og deretter Kai Tahu (Ngai Tahu i moderne standard maori), som kom midt på 1600-talet. Desse migrasjonsbølgjene har ofte vorte kalla «invasjonar» i europeiske nedteikningar, men moderne vitskap har sett fram tvil om dette var rett. Dei var truleg migrasjonar, liksom dei frå Europa, som av og til kunne føra til kamphandlingar. &

Selfangaren John Boultbee noterte på 1820-talet at Kaika Otargo (busetnadar kring og nær Otago Harbour) var dei eldste og største i sør.Boultbee, J i

Europeisk busetnad

James Cook segla langs det som no er kysten av Dunedin mellom 25. februar og 5. mars 1770. Han namngav Cape Saunders på Otago-halvøya og Saddle Hill. I rapportane hans står det om selar og pingvinar i nærleiken, og det førte til at selfangarar byrja å koma hit frå først på 1800-talet.Cook, James in I dei første åra med selfangst var det ei rekkje kamphandlingar mellom selfangarane og lokale maoriar, frå 1810 til 1823, «Selfangarkrigen», som vart sett i gang etter ei hending (tjuveri) ved Otago Harbour. Likevel busette William Tucker, som den første europearen, seg i området i 1815. Den faste europeiske busetjinga går attende til 1831 då brørne Weller grunnla kvalfangststasjonen sin ved Otago (dagens Otakou), ved Otago Harbour. Epidemiar førte til stor nedgang i maoripopulasjonen. Sist på 1830-talet hadde hamna vorte til ei internasjonal hamn for kvalfangst. Nybyggjaren Johnny Jones grunnla ei jordbruksbusetjing og ein misjonsstasjon, den første på Sørøya, i Waikouaiti i 1840.

I 1844 segla skipet «Deborah» under kaptein Thomas Wing sørover, og hadde med mellom andre kona hans, Lucy, og ein representant frå New Zealand Company, Frederick Tuckett, for å finna ein stad til ein frikyrkjeleg busetnad. Etter å ha sett på fleire stadar langs austkysten på Sørøya, valde Tuckett staden som skulle verta kjend som Dunedin.

Den leke samanslutninga i den skotske frikyrkja grunnla Dunedin ved Otago Harbour i 1848 som hovudsetet til sin spesielle busetnad. Namnet kjem frå Dùn Èideann, det skotsk-gæliske namnet på Edinburgh, hovudstaden i Skottland. Charles Kettle, landmålaren i byen, bestemte seg for å innpassa karakteristiske trekk frå Edinburgh i byen, noko som fekk fram ein slåande «romantisk» utsjånad. Resultatet vart både storslegne og kronglete gater etter som utbyggjarane streva — og stundom mislukkast — i å gjennomføra denne denne visjonen i det utfordrande terrenget. Kaptein William Cargill, ein veteran frå krigane mot Napoleon, var den sekulære leiaren, presten Thomas Burns, ein nevø av diktaren Robert Burns, den andelege.

Gullrushtida

I 1852 vart Dunedin hovudstad i provinsen Otago som omfatta alt av New Zealand som låg sør for elva Waitaki. I 1861 vart det funne gull ved Gabriel's Gully i sørvest, og dette førte til ein snøgg auke i folketalet, og Dunedin var i 1865 den største byen på New Zealand på grunn av folketilveksten. Av dei nye innbyggjarane fanst det mange irar, og i tillegg italienarar, franskmenn, tyskarar, jødar og kinesarar.; Den sørlege gravplassen i byen vart opna i 1858, den nordlege i 1872.

høgre|mini|Jarnvegsstasjonen i Dunedin, bygd i 1906. høgre|mini|360° panorama: Jarnvegsstasjonen frå innsida.

Dunedin og regionen vart industrialisert og utvikla, og gjennom Main South Line fekk byen jarnvegssamband med Christchurch i 1878 og Invercargill i 1879. University of Otago, det eldste universitetet på New Zealand, vart grunnlagt i Dunedin i 1869. Otago Girls' High School vart grunnlagd i 1871. Mellom 1881 og 1957 hadde Dunedin kabelsporveg, denne var både ein av dei første av sitt slag og ein av dei siste i drift i verda. Tidleg i 1880-åra vart innleiinga av produksjonen av frose kjøt, med den første utskipinga frå Port Chalmers i 1882, byrjinga på ein etter kvart stor industri i landet.

Etter ti år med utvinning av gull flata økonomien ut, men statsminister Julius Vogel si tilrettelegging for innvandring og utvikling bringa fleire tusen menneske hit, særleg til til Dunedin og Otago, før nedgangstidene kom i 1880-åra. I desse første velstandsåra vart mange institusjonar og verksemder grunnlagde, den første dagsavisa på New Zealand, kunstskule, medisinarutdanning og offentleg kunstgalleri, Dunedin Public Art Gallery mellom dei.; ; Der kom òg ei arkitektonisk oppblomstring som er verd å leggja merke til, og som førte til bygging av fleire større og ornamentale bygningar. Arkitekten Robert Lawson bygde kyrkjene First Church of Otago og Knox Church som er gode døme på dette, likeeins bygningar skapte av Maxwell Bury og Francis Petre. Andre visuelle kunstartar blømde også under leiing av kunstmålaren W. M. Hodgkins. Landskapa i byen og framvoksteren av busetnaden vart levande portrettert av målaren George O'Brien. Frå midten av 1890-åra tok økonomien seg opp att. Institusjonar som Otago Settlers Museum og bibliotek- og kunstsamlingane Hocken Collections – dei første i sitt slag på New Zealand – vart grunnlagde. Meir storfelte bygningar som jarnvegsstasjonen Dunedin Railway Station og rikmannshuset Olveston – no eit museum – vart reiste. Kunstmålaren G.P. Nerli gav ny energi til visuelle kunstartar, og dette kuliminerte i karriæren til målaren Frances Hodgkins.; ; ;

Tidleg moderne tid Ved året 1900 var ikkje lenger Dunedin den største byen i landet. Samfunnstyngde og aktivitet flytta nordover til andre sentera («the drift north»), ein trend som heldt fram gjennom mykje av det følgjande hundreåret. Trass dette ekspanderte universitetet, og eit studentsenter vart oppretta. På denne tida byrja mange å leggja merke til mogninga av Dunedin som hadde funne stad, til dømes aldringa av dei storfelte bygningane, og forfattarar som E.H. McCormick peika på byen si sjarmerande atmosfære. På 1930- og tidleg på 1940-talet voks det fram ein ny generasjon kunstnarar, mellom dei kunstmålarane M.T. (Toss) Woollaston, Doris Lusk, Anne Hamblett, Colin McCahon og Patrick Hayman, som på nytt representerte det beste av talent i landet. Under krigsåra vart mange av desse målarane spreidde, men ikkje før McCahon hadde møtt ein svært ungdommeleg poet, James K. Baxter, i eit studio sentralt i byen.

Talrike store verksemder har vorte grunnlagde i Dunedin, mange av desse var og er leiande i sitt slag i landet. Av dei siste blant dei var bygg- og anleggsfirmaet Fletcher Construction, grunnlagt av Sir James Fletcher tidleg på 1900-talet. Kempthorne Prosser, grunnlagt i 1879 i Stafford, var den største produsenten av gjødsel og kjemikalium i landet i meir enn 100 år. Viktige verksemder innanfor jarn- og metallindustri vart starta opp, likeeins tekstilverksemder, shippingindusti, og bankar og forsikringsverksemder.

Utviklinga etter den andre verdskrigen høgre|mini|Dunedin botaniske hage Etter den andre verdskrigen gjekk velstand og folketal på nytt fram, sjølv om byen vart hengande etter som «det fjerde sentrum». Ein generasjon som ville bort frå victoriatida starta med å riva bygningar frå den tida, og mange gjekk tapt, mellom dei arkitekten William Mason sin børsbygning som fall i 1969. Sjølv om universitetet heldt fram å veksa, gjekk folketilveksten i byen ned, og til sist attende, særleg mellom 1976 og 1981. Kulturelt var dette likevel ei levande tid i byen, og evnerike kunstnarar som poeten James K. Baxter, målaren Ralph Hotere, forfattaren Janet Frame og māoripoeten Hone Tuwhare kom til byen.

Kring 1990 heldt nedgangen i folketalet opp, og Dunedin hadde gjort seg om til ein historisk by med fleire av hovudgatene fornya i viktoriansk stil, og Dunedin Town Hall på Octagonen var vakkert restaurert. Byen hadde også fått eit framifrå skussmål som senter for høgare og vidaregåande utdanning og forsking. Veksten til universitetet og i polyteknisk utdanning tiltok. Dunedin har halde fram med å fornya seg, til dømes gjennom utvikling av Dunedin art gallery, jarnvegsstasjonen og Otago Settlers Museum.

Byen har blømande nisjeindustriar som ingeniørvitskap, progamvareutvikling, bioteknologi og moteindustri. Port Chalmers på Otago Harbour er djupvasshamna til Dunedin. Hit går ei sidegrein (Port Chalmers Branch) frå jarnvegslinja Main South Line som går frå Christchurch gjennom Dunedin til Invercargill.

Dunedin er òg eit sentrum for økoturisme. Den einaste fastlandskolonien av nordleg kongealbatross (Diomedea sanfordi) og fleire tilhaldsstadar for pingvinar og selar ligg innanfor bygrensene på Otago Peninsula. I sør, på vestsida av Lake Waihola, ligg våtmarksområdet Sinclair Wetlands.

Den aukande studentmengda har ført med seg ein livleg ungdomskultur, og i seinare tid ein aukande moteindustri.Artikkel i New Zealand Herald Grupper som arbeider med biletkunst finst òg i Dunedin og området kring, særleg i Port Chalmers og dei andre busetnadane langs kysten av Otago Harbour, i tillegg til andre busetnadar,som til dømes Waitati.

mini|høgre|St Clair Beach i Dunedin. Det er gode tilhøve for sport i Dunedin med arenaer for rugby, cricket fotball og friidrett, i tillegg til ei rekkje golf- og travbanar. St Clair Beach er ei velkjend surfestrand, og hamnebassenget er populært mellom vind- og kitesurfarar. Dunedin har fire offentlege symjebasseng.

Geografi mini|Dunedin (det grå området nede mot venstre) ligg nær eidet til Otago Peninsula, ved enden av Otago Harbour. Dunedin City har eit landareal på 3314,8 km², litt mindre enn den amerikanske staten Rhode Island og litt mindre enn Cornwall i England. Grensene til Dunedin City Council har sidan 1989 vorte utvida til Middlemarch i vest, Waikouaiti i nord, til Stillehavet i aust og søraust, og til Waipori/Taieri River og busetnaden Henley i sørvest.

Dunedin er den byen i verda som ligg lengst frå London med 19 100 km, 90 km lenger enn Invercargill, og 100 km lenger enn Christchurch, og lengst frå Berlin med 18 200 km. Antipoden til Dunedin ligg om lag 300 km nord for den spanske byen A Coruña i Biscayabukta.

Dei indre bydelane