mini|Starten på eit tågarbeid mini|40 cm lang flaskekorg frå Oslo i tågarbeid.

Tågarbeid er ei form for husflid der ein lagar korger og liknande gjenstandar ved binding med lange, jamtynne røter, eller tæger, oftast av bjørk, gran eller einer. Når ein lagar korger av stivare materiale som peddig, pil, spon eller halm, må ein bruke fletteteknikk. Tynne røter er for mjuke til fletting, og det har vorte utvikla ein bindeteknikk, som liknar på sying. Denne teknikken er gamal. Det er funne restar av tågbinding i Osebergskipet.

Materiale Til dekorative gjenstandar vert det helst brukt bjørkerøter som ikkje bør vere tjukkare enn ein blyant. Til særleg fint arbeid vert tæger heilt ned til 1 mm nytta. Til større og grovare korger vert det helst brukt gran. Ein kan sanke tæger frå sevja går om våren, og til frosten kjem. Beste røtene finn ein i næringsfattig mosemyr. Her kan ein finne røter opp til 15 meter. På næringsrik jord vert røtene tjukke og korte. Steinete jord gjev ujamne røter.

Etter sanking må tægene reinskast for bork og never. Det må ein gjere før dei turkar.

Reiskapar Viktigaste reiskapen under tågarbeid er ein skarp kniv og ein beinpren. Prenen vert brukt til å lage hol for bindetåga. Ein vil og ha bruk for pinnar av ulik utforming.

Binding Eit tågarbeid vert oppbygd av to tæger; innleggståga og bindetåga. Innleggståga er rund, medan bindetåga kan vere kløyvd. Innleggståga vert lagd i ein spiral som vert bunden til omfaret innanfor med bindetåga. Når ein skal binde, må tægene bløytast. Særleg gjeld dette bindetåga. Ein kan gje arbeidet ulikt skap ved endre på måten ein legg innleggståga, og korleis ein syr og knyter bindetåga.

Sjå òg Vidje

Kjelder Arvid Walla:Vi binder med tæger. En gammel teknikk.(NKS-forlaget 1976)

Kategori:Husflid