Telemark Bilruter er eit norsk busselskap med eit omfattande rutenett i vestre del av Telemark med Seljord som hovudbase. Selskapet har oppstått ved at diverse mindre selskap er slegne saman.

Historie Telemark Bilruter er ei vidareføring av Vest-Telemark Bilruter (VTB). Dette selskapet vart oppretta i 1972 etter fusjon av Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag, Seljord Billag og Vest-Telemark Billag. På slutten av 1990-talet kjøpte selskapet opp transportverksemder i Skien - området og trafikken Bø - Skien vart monaleg utvida. Dette førte også til at namnet vart endra til Telemark Bilruter.

Verksemd Hovudaktivitetane til Telemark Bilruter kan delast i tre, og kvar står for omtrent 1/3 av inntektene til selskapet:

Ekspressbussruter: Grenlandekspressen, Haukeliekspressen og Telemarkekspressen. Haukeliekspressen vert køyrd i samarbeid med Tide Buss, medan dei to andre rutene vert køyrd i samarbeid med Nettbuss. Alle rutene inngår i NOR-WAY Bussekspress. Godstrafikk: Det meste av transport går med vogntog, og mykje av trafikken er køyring for Schenker (tidlegare Linjegods). Lokalruter: I dag fyrst og fremst i Vest-Telemark. Rutetrafikken i Grenland er teke over av Telemark Kollektivtafikk som selskapet eig saman med Nettbuss.

Selskapet driv mellom anna kombinert buss- og godsrute mellom Arendal i Aust-Agder og Seljord.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Telemark Bilruter» frå , den 18. juli 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske busselskap Kategori:Kollektivtransport i Telemark Kategori:Samferdsle i Seljord Kategori:Kollektivtransport i Agder Kategori:Næringsliv i Telemark Kategori:Skipingar i 1972