Årdal kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Hjelmeland kommune i Rogaland fylke. Ho vart innvia i 1919 og vert kalla Årdal nye kyrkje for å skilje ho frå Årdal gamle kyrkje frå 1620. Arkitekt for kyrkja var Einar Halleland frå Haugesund.

Årdal nye kyrkje vert reist etter ei pengeinnsamling gjort av utvandra amerikanarar frå Årdal. Kyrkja har 250 sitjeplassar og orgelgalleri. mini|venstre|Årdal kyrkje i mai 2009 Altartavla av Frank Frantzen er frå 1968 med motiver frå Jesu liv. Preikestolen er i tre frå 1919, det framgår ikkje kven som har laga ho. Døypefonten er frå same år og i tre. Pipeorgelet er dansk frå 1984 og har 12 stemmer.

Det er ei klokke i kyrkjetårnet.

Bakgrunnsstoff Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 427, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-7527-022-7 Om Einar Halleland frå Store norske leksikon

Kategori:Kyrkjer i Hjelmeland Kategori:Kyrkjer i Ryfylke prosti Kategori:Kulturminne i Hjelmeland Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1919