Nord-Varanger kommune er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Finnmark, opphavleg del av Vadsø formannskapsdistrikt. I tidlegare tider skilde ein mellom Vadsø kjøpstad og Vadsø landsokn, men i kommunal forstand var dei éi eining til 1. januar 1894 då landsoknet tok namnet Nord-Varanger og blei eigen kommune med 1296 innbyggjarar.
1. januar 1964 blei Nord-Varanger kommune slått saman med Vadsø til den nye Vadsø kommune. Nord-Varanger kommune hadde ved samanslåinga 1587 innbyggjarar.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Nord-Varanger kommune frå 1894 til 1964: 1.1.1894 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Nord-Varanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 1296 1434 1696 1945 1820 1648 1587
Fotnotar
Kategori:Tidlegare kommunar i Finnmark Kategori:Vadsø kommune