Sondre Bratland () er ein norsk kvedar, songar og songpedagog frå Edland i Vinje. Han har òg skrive tekstar til kjende songar.
Utdanning
Bratland er utdanna lærar med fordjuping i norsk og musikk, og jobba som både lærar og rektor i heimkommunen Vinje i åra 1969 - 1990. Frå 1970 - 78 sat han også i Vinje kommunestyre, og han har vore speidarleiar i over 25 år, noko han vann heidersteiknet til Noregs KFUK-KFUM for. I dag er Bratland tilsett som dosent II ved folkekulturstudiet på Høgskolen i Telemark, og han har vore leiar for dette studiet i 5 år. Som songpedagog har han m.a. vore læremeisteren til Arve Moen Bergset.
Oppstart som artist
Bratland sitt plateselskap har i alle år vore Kirkelig Kulturverksted, og han debuterte med si fyrste soloplate, Pilegrimens sangbog i 1982. Han vann Spellemannprisen 1982 i klassen folkemusikk for henne, og fekk dermed ein svært god start som artist. Neste soloplate, Den blå gleda kom allereie i 1983. I 1986 vann han Vinje kommunes kulturpris, I 1997, etter å ha gjeve ut åtte plate både åleine og i samarbeid med andre, vart Bratland utnemnd til statsstipendiat. Bratland var også med på å starta opp kvedarskulen på Ole Bull Akademiet på Voss. I 2003 vann han Telemark fylkes kulturpris.
Særpreg og prestasjonar
Det er religiøs folkesong Bratland har gjort mest av, særleg tradisjonelle songar frå Øvre Telemark og Setesdal, og viktige kjelder for han har vore hans eige mor Sigrid Bratland og tanta Brita Bratland, samt Tallak Hoslemo frå Bykle og folkesongaren Ragnar Vigdal frå Luster. Han held helst konsertar i kyrkjerommet, og har sunge i over 600 kyrkjer i heile Noreg. Utanlands har Bratland m.a. halde konsertar i Sverige, Danmark, Island, Færøyane, Belgia, Tyskland, USA, Palestina og Bhutan. I 2008 kom Bratland ut med si trettande soloplate.
Bratland har også eksperimentert innan folkesongen, t.d. i samarbeid med andre artistar. Han har også omsett tekstar av country-songaren Hank Williams, skrive musikk til kyrkjespel, skrive melodi til dikt av Olav H. Hauge, Tarjei Vesaas og Olav Mosdøl og sett norsk tekst på irske folketonar. Eit døme på det siste er den kanskje mest kjende songen av Sondre Bratland, Gjev meg handa di, du - dette er ein irsk folketone som Bratland har sett norsk tekst til.
Plateutgjevnader
1982: Pilegrimens Sangbog 1983: Den blå gleda 1988: Inn i draumen (Samarbeid med Steinar Ofsdal, Leiv Solberg og Iver Kleive) 1990: Mysteriet 1992: Kjeldevatn 1992: Rosa frå Betlehem (Samarbeid med Knut Reiersrud, Paolo Vinaccia, Iver Kleive og Suheil Khoury) 1994: Gjest i verda 1996: Atterklang 1999: Kvilestein 2002: Draumkvedet 2005: Syng meg heim 2006: Dialogue (samarbeid med Javed Bashir) 2008: Det er den draumen (tekstar av Olav H. Hauge)
Kjelder
Allkunne om Sondre Bratland Diskografien m.m. er henta frå Wikipedia bokmål om Sondre Bratland. Artistomtale frå Sondrebratland.no Årstal for Telemark fylkes kulturpris er frå Store Norske Leksikon om Sondre Bratland.
kategori:Norske folkemusikarar kategori:Folk frå Vinje kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske songarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Nynorskmusikk Kategori:Norske kvedarar Kategori:Vinnarar av Storegutprisen