Ole Knutsson Ødegaard () var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann, ordførar, lokalhistorikar og stortingsrepresentant for Venstre. Nils Ødegaard var bror hans.
Ødegaard var son av ein gardbrukar i Lomen sokn i Vestre Slidre i Oppland. Åra 1866-69 var han lærar i heimbygda, og i 1869 var han ferdig utdanna seminarist frå Hamar. Deretter var han styrar av ein folkehøgskule i Vestre Slidre frå 1870 til -74. År 1870 kjøpte han garden Løken av svigerfaren og dreiv sidan denne. Frå 1875 var han lærar og kyrkjesongar i Vestre Slidre, eit arbeid han hadde til 1889. Perioden 1889-191? var han lensmann.
Ødegaard var ordførar i heimbygda 1883-93. Han var også sparebankkasserar 1880-88 og forlikskommissær frå 1899. Ei tid var han formann for anleggsstyret for Valdresbanen. Han var òg medlem av den statlege sivilprosesskommisjonen 1891-1907.
Ødegaard var vald stortingsrepresentant 1889-97 og 1904-06. Han møtte elles fyrste gongen på Stortinget 30. april 1883 som varamann for Thomas Jørstad, også i 1885 kom han inn på Stortinget eit stykke ut i sesjonen, for same Jørstad, han var i 1883 medlem av konstitusjonskomiteen. Perioden 1889-91 var han medlem av og 1892-97 sekretær i vegkomiteen, 1904-06 atter medlem av same. Elles var han i 1893 medlem av kontraktørkomiteen og 1895-97 sekretær i Odelstinget.
Han skreiv sju bind lokalhistorie under samletittelen Gamalt fraa Valdres, utgjeve mellom 1911 og 1932. Han var statsstipendiat frå 1917. Frå 1917 var han statsstipendiat.
Ødegaard vart tildelt 7. juni-medaljen.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Folk frå Vestre Slidre