Skomvær fyr ligg på øya Skomvær i Røst kommune i Nordland. Det 31,7 meter høge fyrtårnet i støypejarn vart påbyrja i 1886. Fyrlyset vart tent i oktober 1887. I 1978 vart fyret automatisert og Skomvær vart avfolka.
Skomvær fyr ligg i Røstøyan landskapsvernområde. I sommarhalvåret går det båtturar til Skomvær.
Kunstnaren Theodor Kittelsen budde i to år frå 1887 på Skomvær fyr då svogeren var fyrvaktarassistent der.
Skomvær fyr gav i 1890 namn til seglskuta «Skomvær». Seinare fekk redningsskøytene «Skomvær II» og «Skomvær III» namn etter seglskuta.
Sjå òg Fyr i Noreg
Kjelder Ove Arne Olderkjær:Norske fyr. Ei reise langs kysten.Oslo 2004. Bakgrunnsstoff
Kategori:Fyr i Nordland Kategori:Freda bygg i Nordland Kategori:Kulturminne i Røst Kategori:Samferdsle i Røst Kategori:Byggverk i Røst