Hestvik glassverk eller Hesteviken glassverk, òg kjent som Gravdal glassverk, var eit foretak som blei oppretta i 1850. Det blei etablert av August Konow og sonen Fredrik Ludvig Konow d.e. Dei fleste glasblåsarane kom til verket 1852-1853 og forlet det i 1857, slik at dette blir rekna som driftstida til verket.Statsarkivet i Bergen, Askøy Sokneprestembete, H: Ministerialbok nr. A 11

Verket låg litt nordvest for Gravdal mølle i Laksevåg ved Bergen. Det produserte flasker og kavlar, og frå 1853 òg kvitt glas. Glasmeister Pedersen leia produksjonen. Det var ein eigen verksskole knytt til aktiviteten i Hestvika og Gravdal.

Arbeidarar Nils Nicolay Hetty (1820-1905), 1855-1856.Nils Nicolay Hetty på Nannestad slektsskog

Referansar

Kategori:Norske glasverk Kategori:Skipingar i 1850 Kategori:Nedleggingar i 1854 Kategori:Laksevåg Kategori:Tidlegare føretak i Bergen