Derrick var ein velkjend og populær tysk krimserie for fjernsyn. Han vart produsert av ZDF, ORF og SF DRS i 281 episodar mellom 20. oktober 1974 og 16. oktober 1998. Hovudrolla som detektiven sjefinspektør Stephan Derrick, som løyste kompliserte mordsaker i München, hadde Horst Tappert. Den trufaste assistenten hans, Harry Klein, vart spelt av Fritz Wepper.

Serien er eksportert til 100 land, og var i tillegg til Tyskland særleg populær i Japan, Kina, Frankrike, Italia og Noreg.

Kategori:Tyske fjernsynsseriar Kategori:Krimseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 1970-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 1980-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 1990-åra