Magnus Hesselberg Oppen () var ein norsk jurist, bankmann og Høgre-politikar. Magnus G. Oppen var far hans. 1903-06 opplevde ein at både far og son Oppen samstundes hadde fast plass i Stortinget.
Oppen var fødd i Tjølling. Han vart student 1881 og cand. jur. i 1886. Dei to neste åra oppheldt han seg i Paris og London for å lære seg språk. I 1888 byrja han som sakførar, og gjekk same året inn i faren sitt skipsreiarlag. År 1897 vart han tilsett banksjef for Larviks Privatbank.
1890-94 var Oppen heradsstyremedlem i Tjølling. Då han vart banksjef, busette han seg i Larvik og var bystyremedlem 1901-03 og frå 1907. Han var ordførar i byen 1901-03 og 1910-11.
Oppen vart i 1903 vald inn på Stortinget for Høgre, der han representerte bykrinsen Sandefjord og Larvik fram til 1906. Han var 1903-05 medlem av næringskomite nr 2, 1905-06 var han sekretær i justiskomiteen.
Oppen var frå 1901 styreformann i Larviks verkstad, frå 1906 ordførar i Centralbanken for Norge og frå 1910 styreformann for Hølens verkstad.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Wasberg, G.C. og Langeland, A. St. (1963): Larviks historie, 3. bind, s. 78
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Larvik