Cornelius Bernhard Hanssen () var ein skipsreiar, lærar, redaktør og politikar frå Feda i Kvinesdal.
Far til Hanssen var gardbrukar. Sjølv var han fyrst handelsbetjent, tok deretter lærarskuleeksamen 1881 i Flekkefjord og vart seminarist i Kristiansand. Han var lærar i åtte år. I 1891 kjøpte han avisa Agder, som han redigerte til 1898. Sidan var han skipsreiar og dampskipsdisponent.
I 1894 var Hanssen med og stifta Norges fredsforening, seinare formann i foreininga. Han var medlem av det nordiske interparlamentariske råd, av delegasjonen til fredsmøtet i Paris 1904 og av Londonkonferansen i 1906. Utsending til ein konferanse i St. Louis i 1904. Hanssen var medlem av Nobelkomiteen frå 1913 til han døydde. Han var nestleiar frå oktober 1922.
Hanssen var stortingsrepresentant for Flekkefjord i periodane 1900-15 og 1919-21. Han var medlem av protokollkomiteen 1900-03, sekretær i budsjettkomiteen 1903-06, medlem av Lagtinget 1906-15. Han var medlem 1906-07, sekretær 1908-09 og formann 1910-15 i næringskomite nr 2.
Hanssen var ordførar i Flekkefjord i 1933 og 1936-37.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Flekkefjord Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Kvinesdal