José Martín Cáceres Silva () er ein uruguayansk fotballspelar som spelar for ACF Fiorentina. I 2018 spela han i forsvar for Lazio i italiensk Serie A, og på Uruguay sitt landslag.
Cáceres var med på å bli seriemeister i Spania og å vinna Den europeiske meisterligaen i 2009 med Barcelona. Med Juventus har han vorte seriemeister i 2012, 2013, 2014, 2015 og 2016. Han debuterte for Uruguay sitt A-landslag 12. september 2007 i ein privatlandskamp borte mot Sør-Afrika. Han var med i troppen til fotball-VM i 2010, der han fekk spela to kampar, semifinalen mot Nederland og bronsefinalen mot Tyskland. I 2011 var han med på å vinna Copa América med Uruguay.
Kategori:Uruguayanske fotballspelarar Kategori:Villarreal-spelarar Kategori:Recreativo de Huelva-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Southampton-spelarar Kategori:Verona-spelarar Kategori:Lazio-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022 Kategori:Folk frå Montevideo