Mire Loch er ein menneskeskapt innsjø i St Abb's Head i Scottish Borders, om lag ein kilometer frå landsbyen St. Abbs. Innsjøen ligg i eit område eigd av National Trust for Scotland (NTS) og er om lag 600 meter lang og 50 meter på det breiaste.
Historie mini|venstre|Utløpet frå Mire Loch med ruinane av eit naust i bakgrunnen. Mire Loch var opphavleg eit myrområdet i St. Abbs Head-forkastinga. Forkastinga skilde den harde vulkanske steinen i St. Abbs Head frå dei mjukare sedimentære bergartane i området rundt. Rundt år 1900 valde ein å gjere det myrlendte landskapet om til eit fritidsområde. Det vart bygd ei demning for å skape innsjøen, som vert nytta til fiske og fuglejakt. Det vart òg bygd ein 9-hols golfbane like ved, men denne vart nedlagd for mange år sidan. Ein kan framleis sjå spor etter den gamle banen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mire Loch» frå , den 1. september 2010.
Kategori:Innsjøar i Scottish Borders