Loch Oich (skotsk-gælisk Loch Omhaich) er ein innsjø i Dei skotske høglanda og er det høgaste punktet i Den kaledonske kanalen. Denne smale innsjøen ligg mellom Loch Ness i nordaust og Loch Lochy i sørvest, i Great Glen. Han får vatn frå River Garry (frå Loch Garry) frå vest og har utløp gjennom River Oich i nord.
Loch Oich har eit rikt dyreliv med mykje fisk, amfibiar, reptil, fuglar og pattedyr.
Kvar haust trekkjer laks opp i Loch Oich, Loch Lochy og Loch Ness for å gyte.
Thomas Telford heva vassnivået i innsjøen med fleire meter for å gjere han farbar for båtane i Den kaledonske kanalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loch Oich» frå , den 4. september 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff 1903 Map from the National Library of Scotland Loch Oich and swing bridge Bilete av Loch Oich
Oich