Hirsel Lake eller Lake of the Hirsel er ein kunstig innsjø nær Coldstream i det historiske fylket Berwickshire, no Scottish Borders, i Skottland. Han ligg på eigedomen The Hirsel, heimstaden til familien Home og den britiske statsministeren Alec Douglas-Home.
Innsjøen dekkjer om lag 11 hektar og er om lag forma som ein firkant, med sider på 300-400 meter. Han utgjer eit viktig hekke- og overvintringsområdet i Scottish Borders-regionen, og er del av Hirsel Site of Special Scientific Interest (SSSI).
Det er ein av få innsjøar i Skottland som er omtalt som «lake» og ikkje «loch».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lake of the Hirsel» frå , den 4. september 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Innsjøar i Scottish Borders