Coedty-reservoaret er eit reservoar i Snowdonia i North Wales. Det får vatn frå Afon Porth-llwyd som renn frå Llyn Eigiau. Reservoaret ligg 274 meter over havet og er om lag 4,9 hektar stort. Det er brunaure i innsjøen.
Den originale dammen vart bygd i 1924 som ein del av vasskraftforsyinga til aluminiumsverket i Dolgarrog. I 1925 brast Eigiau-dammen og flaumvatnet frå denne førte òg til at Coedty-dammen brast. Den påfølgjande flaumen førte til at 17 mista livet i Dolgarrog.
Dammen vart gjenoppbygd i 1926 og endra igjen i 1956. Vatn frå reservoaret vert ført i store metallrøyr til vasskraftverket i Dolgarrog.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Coedty-reservoaret» frå , den 4. september 2010.
Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Geografi i Conwy Kategori:Reservoar i Wales