44 (romartal XLIV) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Crispus og Taurus var konsular (eller sjeldnare år 797 ab urbe condita).

Hendingar Keisar Claudius vende heim frå det britiske felttoget oog feira triumf. Mauretania blei ein romersk provins. Rhodos blei gjeninnlemma i Romarriket. Minjung blei herskar over det koreanske riket Goguryeo.

Døde Daemusin, koreansk herskar av Goguryeo Apostelen Jakob (martyr) Herodes Agrippa I av Judea Claudia Julia, brordotter av Claudius og Messalina (avretta; eller 43/45)

Kjelder