John Iversson Wolden () var ein norsk gardbrukar og Venstre-politikar frå Orkdal. Han var stortingsrepresentant i periodane 1904-1909 og 1913-1930.
Far hans var gardbrukar i Orkdal. Sjølv gjekk han 1878/9 på Daniel Sæther sin folkehøgskule, utdanna seg vidare 1881 og 1882 ved underoffisersskulen i Trondheim. Frå 1888 til 1900 var han gardbrukar på Nervik i Orkdal, sidan på Megården i same bygda. Han var elles tilknytt Hæren, utnemnd til kommandersersjant i 1911.
Wolden var medlem av Orkdal heradsstyre frå 1895 til 1925. Frå 1902 til 1916 var han ordførar. Attåt var han forlikskommissær frå 1903 og i perioden 1911-33 direktør for Orkdal Sparebank.
Wolden vart i 1902 vald inn på Stortinget for Søndre Trondhjems amt. Med unnatak for perioden 1910-12 hadde han sete på tinget fram til 1930. 1906-09 og 1913-21 representerte han einmannsskrinsen Sør-Trøndelags valkrins nr. 3, Orkedalen. Wolden var i alle år medlem i jarnbanekomiteen, nestformann 1913-24. Frå 1927 var han medlem også av utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var president i Odelstinget 1921-24 og i Stortinget 1925-26.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 samfunnsveven.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Orkdal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Orkdal