Øverdalen kyrkje ligg på Verma i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd som kapell av byggmeister Eirik Sylte frå Tresfjorden, i 1902. Ho vart restaurert, pussa opp, i 1953, vel femti år etter at ho vart bygd.
Kyrkja har eit ytre omriss som ei langkyrkje og er bygd i lafta tømmer.
Kapellet vart bygd fordi ein Kongeleg resolusjon av 23. mars 1901 delte Kors sokn i to, til Medalen og Øverdalen. Øverdalen er øvst i dalen (Romsdalen), mens medalen, er midt i dalen. Medalingene sokna til Kors kyrkje, ved Marstein.
Tidlegare, før 1901, sokna øverdalingane til kyrkja på Flatmark lenger nede i Romsdalen (i dag: Kors kyrkje).
Interiøret Altartavla er frå 1953,og er måla av Halvard Hatlen.
Orgelet har fire stemmer og er eit trøorgel frå 1914. Orgelet er ei gåve frå «bygdefolket i Norge og Amerika».
Litteratur
Ei bok om Rauma (Bokhylla.no)
Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
Bakgrunnsstoff Lokalhistoriewiki Grytten prestegjeld Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Romsdal Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Kulturminne i Rauma