Anne-Marie () er yngste dotter av kong Frederik IX av Danmark og dronning Ingrid av Danmark. Ho er syster av dronning Margrethe II av Danmark og prinsesse Benedikte av Danmark.

Ho er gift med kong Konstantin II av Hellas, som vart avsett etter ein folkerøysting i 1973 og 1974. Tittelen hennar, dronning av Hellas (eller dronning av hellenarane) er ikkje lenger anerkjend i Hellas, som fylgje av den republikanske greske konstitusjonen. I utlandet vert ho gjerne framleis tiltalt som dronning av Hellas.

Ho er riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.

Namn og titlar 1946–1964: Prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark 1964–1973: Dronning Anne-Marie av Hellas

Kategori:Kongelege frå København Kategori:Greske dronningar Kategori:Danske prinsesser Kategori:Elefantordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Huset Glücksburg