Lise Christoffersen () er ein norsk politiar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Lise Christoffersen er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo 1989 og har tidlegare arbeidd som forskar, lengst ved Institutt for sosialforsking, INAS. Ho var seniorrådgivar i rådgivingsselskapet Asplan VIAK AS 2003-2005.
Christoffersen var ordførar i Drammen frå 1995 til 2003, varaordførar 1992-95. Ho var medlem av Drammen bystyre 1980–2003, og formannskap (1984–2003). I 2003 tok Lise Christoffersen, på vegner av kommunen, imot den prestisjetunge Bymiljøprisen som var utdelt av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik.
Ho var medlem av Planlovutvalet som i 2003 gav ho si siste delinnstilling til ny plan- og bygningslov. Christoffersen har verv i styret for Strømsgodset sidan 2003.
Stortingskomitear 2005–2009: andre nestleiar i Arbeids- og sosialkomitéen; varamedlem av den norske delegasjonen til Europarådets parlamentarikerforsamling 2009–2013 medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Ordførarar i Drammen Kategori:Ap-ordførarar i Buskerud Kategori:Folk frå Drammen