Norsk Fjellfestival er ein festival som vert arrangert ei veke kvar sommar i Åndalsnes. Festivalen vart halden for første gong i 1999 og har utvikla seg til eit stort og viktig enkeltarrangementet for folk som set pris på fjell og friluftsliv.
Christel Siem er dagleg leiar og festivalsjef frå 1. desember 2009. Gaute Grøtta Grav var festivalsjef i 2007. I 2008 og 2009 var Marte Berild Hjelle festivalsjef.
Norsk Fjellfestival har eit fast samarbeid med Den norske turistforening. DNT har lagt sin ungdomsleir, «Basecamp» til Fjellfestivalen. «Årets fjellgeit» vert delt ut i samarbeid med DNT ved generalsekretæren eller styreleiaren i foreininga.
Prisvinnarar av «Årets fjellgeit» 2001 Vegard Ulvang 2002 Børge Brende 2003 Øystein Dahle 2004 Cecilie Skog 2005 Dronning Sonja 2006 Arne Næss senior 2007 Olav Thon 2008 Stein P. Aasheim 2009 Fri Flyt 2010 Gudmund Skjeldal 2015: Villmarksbarna 2016: Fred Husøy 2017: Sherpa-folket i Nepal 2018: Norske alpine redningsgrupper 2019: Helene Ødven 2020: Tidsskriftet Harvest 2021: «Mina og meg» – Alexander Read og datteren Mina
Kjelder
Kategori:Festivalar i Noreg Kategori:Norske friluftslivsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1999