Reinlav er ei samnemning på ei rekke lavartar i slekta begerlav (Cladonia), tilhøyrande underslekta Cladina.

Reinlaven sitt tallus (plantelegeme) er laust festa til underlaget og høgda varierer for dei ulike artane frå 3-5 cm opp til 10-15 cm. Den veks normalt direkte på jordsmonnet og er tilpassa ekstreme temperaturskilnader. Enkelte artar veks i store mengder i fjellstrøk, i skog og på tundraen på den nordlege halvkula; om vinteren er han hovudnæringa for reinen, som dekker opp til 90 % av næringsbehovet sitt med reinlav. Forutan å vere næring for rein har enkelte artar (spesielt kvitkrull) òg vore nytta til tettemateriale i hus, og i dag blir reinlav sanka til pynteformål. Nokre av artane veks òg i typiske kyststrøk.

Artar

Fjellreinlav (Cladonia mitis) Grå reinlav (Cladonia rangiferina) Lys reinlav (Cladonia arbuscula) Gaffelreinlav (Cladonia ciliata) Kystreinlav (Cladonia portentosa) Svartfotreinlav (Cladonia stygia) Kvitkrull (Cladonia stellaris)

Litteratur Krog, Hildur/Østhagen, Haavard/Tønsberg, Tor: "Lavflora. Norske busk- og bladlav", Oslo 1994, ISBN 82-00-41445-0 Holien, Håkon/Tønsberg, Tor: "Norsk lavflora", Trondheim 2006, ISBN 82-519-1978-9 ISBN 978-82-519-1978-4

Kategori:Lav