The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue er eit konsertalbum av Bob Dylan som vart gjeve ut av Columbia Records i 2002. Det er den tredje utgjevinga i Bob Dylan Bootleg Series på Legacy Records, og dokumenterer den reisande karavanen av musikarar, som kalla seg Rolling Thunder Revue, leia av Dylan. Turneen fann stad før han gav ut albumet Desire i 1976. Det einaste albumet som tidlegare hadde dokumentert denne turneen var Hard Rain, som vart spelt inn under den andre og mindre godt mottekne delen av turneen.
Dette dobbeltalbumet vart godt teke imot av både kritikarar og tilhengjarar, men enkelte påpeikte at det ikkje dokumenterte eller etterlikna eit typisk komplett show frå turneen.allmusic - The Bootleg Series, Vol. 5: Bob Dylan Live 1975 - The Rolling Thunder Revue Tilhengjarar har òg uttalt at dei var irriterte over at enkelte framføringar ikkje var tekne med, som coverversjonen av Johnny Ace sin «Never Let Me Go».
Ein bonus-DVD med albumet inneheld to videoklipp frå filmen Renaldo and Clara av Dylan frå 1978, eit konsertopptak frå 21. november 1975 av «Tangled Up in Blue» og ei utgåve frå 4. desember 1975 av «Isis» (som tidlegare var gjeven ut i 1985 i lydformat på samleplata Biograph). Albumet låg ni veker på den amerikanske Billboard-lista og selde til gullplate 12. mars 2003. Albumet nådde der 56. plassen. I Storbritannia nådde det 69. plassen og i Noreg nådde det niandeplassen.
Innhald
Medverkande Bob Dylan — vokal, elektrisk og akustisk gitar, munnspel Joan Baez — vokal, akustisk gitar, perkusjon på «Blowin' in the Wind», «Mama, You Been on My Mind», «I Shall Be Released» og «The Water Is Wide» Ronee Blakley — vokal T-Bone Burnett — elektrisk gitar, piano David Mansfield — dobro, mandolin, fiolin, steelgitar Roger McGuinn — elektrisk gitar, vokal på «Knockin' on Heaven's Door» Bob Neuwirth — akustisk gitar, vokal Scarlet Rivera — fiolin Luther Rix — perkusjon, conga, trommer Mick Ronson — elektrisk gitar Steven Soles — akustisk og elektrisk gitar, vokal Rob Stoner — bass Howie Wyeth — trommer, piano
Teknisk personell Steve Berkowitz, Jeff Rosen — produsent Don DeVito — innspelingsoversyn Michael Brauer — miksing Greg Calbi — mastering Ricardo Chavarria — mikseassistent Lisa Buckler, Charlie Sarrica — produksjonskoordinator Triana Dorazio — innpakningsleiar Geoff Gans — kunstnarisk leiar, design]] James L. Hunter — grafisk desig Ken Regan — fotografi Darren Salmieri — kunstnarisk koordinering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue» frå , den 5. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Konsertalbum frå 2002