Kranskonvall (Polygonatum verticillatum) er ei fleirårig urt i aspargesfamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Kranskonvall blir brukt som hage- og snittplante.

mini|venstre|Kranskonvall i Sveits. Planta vert kring 50 cm høg og har rund stengel og smale spisse blad, tre til seks i kvar krans. Blomsterskaftet har oftast to blomstrar. Rotsystemet består av ein vassrett krypande forgreina jordstengel med grove trevlerøter. Alle delane av planta er giftige.

Kranskonvall trivst i lett skugge, som i skog, med moldjord som elles er næringsfattig og svakt sur.

Planta er heimleg i Noreg og veks nord til Troms. Ho er funnen opp til 1300 m på Hardangervidda. Ho blømer kring juni månad.

Det er gjort somme funn av hybridar med storkonvall (P. multiflorum × P. verticillatum) sør på Austlandet. Det er òg registrert eit funn av hybriden med kantkonvall (P. odoratum × P. verticillatum) i Hurum.

Kjelder

<references>

}}</ref> </references>

Denne artikkelen bygger på «Kransrams» frå , den 9. oktober 2010. Denne artikkelen bygger på «Kranskonval» frå , den 11. juni 2017. oppgav desse kjeldene: Signe Frederiksen et al., Dansk flora, 2. udgave, Gyldendal 2012. ISBN 8702112191.

Bakgrunnsstoff

Kransrams i Den virtuella floran, Naturhistoriska riksmuseet

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Hageplantar Kategori:Storkonvallslekta