mini|NYU Gallatin School of Individualized Study mini|NYU Bobst Library New York University (NYU) er eit privat, ikkje-religiøst forskingsbasert universitet i New York i USA. Den største campusen ligg i Greenwich Village i Manhattan. Universitetet vart grunnlagt i 1831 av Albert Gallatin og ei gruppe prominente newyorkarar og er i dag det største private ikkje-kommersielle universitetet i USA. Det har også ei avdeling på Bedford Square i London, i bygningen som før var bustaden til Lord Chancellor i Storbritannia, 6 Bedford Square.
Dei 16 skulane og collega femner: College of Arts and Science (1831) Gallatin School of Individualized Study School of Social Work Steinhardt School of Culture, Education and Human Development Stern School of Business Tisch School of the Arts College of Dentistry College of Nursing Courant Institute of Mathematical Sciences Institute of Fine Arts School of Continuing and Professional Studies School of Law School of Medicine Graduate School of Arts and Science Wagner Graduate School of Public Service
Det var 40 870 studentar og 4 380 vitskapeleg tilsette ved NYU i 2006, og det same året var skulepengane US$ 33 420. Undervisninga vert gjeven opp til doktorgradsnivå.
NYU Library System, inkludert Bobst Library, hadde i 2006 4 939 724 titlar og var dermed det 34.største biblioteket i USA.American Library Association Fact Sheet 22, World Almanac 2008 side 404.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «New York University» frå , den 10. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Manhattan Kategori:Skipingar i 1831 Kategori:Universitet i New York Kategori:New York City