«Have You Seen Her Face» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av bassisten i bandet, Chris Hillman. Songen finst på albumet Younger Than Yesterday frå 1967. Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet, 22. mai 1967 og nådde 74. plass på den amerikanske singellista.
Songen vart skriven etter ei innspeling for trompetisten Hugh Masakela, som Hillman hadde deltatt på i 1966, eit år då bassisten blømde som låtskrivar. Før dette albumet hadde Hillmann medverka minimalt som låtskrivar for The Byrds.
«Have You Seen Her Face» har ein skingrande struktur og melodi, og er sterkt påverka av den britiske bølgja på midten av 1960-talet, med ei melodisk basslinje som minna om Paul McCartney si basspeling.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Have You Seen Her Face» frå , den 18. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Byrds-songar Kategori:Songar skrivne av Chris Hillman Kategori:Songar produserte av Gary Usher Kategori:Columbia Records-singlar