Asbjørn Øverås () var ein norsk skolemann og historikar. Han var rektor ved Orkdal landsgymnas 1923–38 og ved Trondheim Katedralskole 1938–66.
Virke Øverås hadde sin første lærarjobb i heimbygda Eresfjord berre 18 år gammal. Han tok så artium, jobba ei tid som journalist og litt som lærar. Han tok til på jusstudiet, men vende attende til skolen. I 1923 blei han styrar ved eit nyoppretta privat landsgymnas i Follo i Orkdal. Han blei mag.art. i 1929, og dr.philos. i 1937 med ei avhandling om Bjørnstjerne Bjørnson og Romsdalen.
I 1938 tok han over embetet som rektor ved Trondheim katedralskole. Under andre verdskrigen blei han av styresmaktene forvist til Stavanger i nokre år. Etter krigen søkte han eit professorat ved Noregs lærarhøgskole, men han blei ikkje vurdert som kvalifisert til dette.
Øverås var godt kjend i skulekretsar. Han var ein periode leiar for nordiske rektormøte og redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift. I 1953–54 hadde han et studieopphald i USA. Dette resulterte i boka Indianarar og indianarproblem i Sambandsstatane (1955). Han var seinare skolerådgiver for Unesco i Indonesia.
Øverås har eit stort og mangfaldig forfattarskap. Mest kjend er nok noregshistoria han skreiv for gymnaset samman med John Midgard. Den kom i sju utgåver. Han var òg medforfattar i eit historieverk for ungdomsskolen, og han var hovudredaktør for Trondheim katedralskoles historie.
I 1953 blei han utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden. Øverås var formann i Noregs Mållag frå 1949 til 52.
Bibliografi 1928 Romsdals soga. 1 : Fornalderen og sogetida, Brun 1936 I Bjørnsons fote-far : "Faderen" og "En glad gut", Gyldendal 1941 Romsdals soga. 2 : Dansketida, Brun 1942 Olav Gullvåg, Norli 1949 Frederik Moltke Bugge: Kulturarbeid og kulturstrid i 1830-40 åra, Aschehoug 1955 Indianarar og indianarproblem i Sambandsstatane, Aschehoug
Biografi Trygve Ræder: Asbjørn Øverås i profil. Det Norske Samlaget 1976.
Fotnotar
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Nesset Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske historikarar Kategori:Målfolk Øverås