Symfoni nr. 14 i A-dur, Hoboken I/14, er ein symfoni av Joseph Haydn som kan ha vorte skriven mellom 1761 og 1763.H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 636
Symfoni nr. 14 er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo. Som etter kvart vart vanleg for Haydn, har denne symfonien fire satsar:
Allegro molto, 3/4 Andante i D-dur, 2/4 Menuetto e Trio: Allegretto, med Trio i A-moll, begge 3/4 Allegro, 6/8
Andanten var opphavleg finalen i ein tidlegare divertimento «Der Geburtstag» («Bursdagen»), Hob. II/11.HC Robbins Landon, Haydn: Chronicle og Works, 5 vols, (Bloomington og London: Indiana University Press, 1976-) v. 1, Haydn: the Early Years, 1732-1765 Variasjonane av divertimentoen er omarbeidd som ein sonate for symfonien.
Trioen i menuetten har ein obosolo akkompagnert av fiolinar og cello.
Finalen er særs kontrapunktisk og er basert på ein fallande skala.Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 66-67 (2002).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 14 (Haydn)» frå , den 21. oktober 2010.
Symfoni 014 Kategori:Musikk i 1760-åra