Høgskolen i Narvik (HiN) er ein tidlegare høgskule i Noreg, no ein del av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

Historie Høgskulen vart etablert 1. august 1994 og hadde omkring 1200 studentar og 140 tilsette. Han var eit resultat av at tre statlege høgskolar i Narvik vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei tre høgskolene som vart fusjonert var Narvik ingeniørhøgskole, Sivilingeniørutdanningen i Narvik og Nordland sykepleierhøgskole si avdeling i Narvik.

I tillegg hadde Høgskolen i Narvik ein filial i Alta i Finnmark med tilbod om forkurs og 1 års ingeniørfag.

Den 1. januar 2016 ble skolen fusjonert inn i Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

Fag Høgskolen hadde tilbod om fag- og profesjonsstudiar innan sjukepleier-, ingeniør-, sivilingeniør- og yrkesfaglærer-fag. Desse kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine fire institutt var: Institutt for data-, elektro- og romteknologi Institutt for bygnings-, drifts- og konstruksjonsteknologi Institutt for anvendte vitenskaper Instiutt for helse og sykepleievitenskap

Høgskolen hadde også tilbod om internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter enda studiar.

Sjå òg Studentsamskipnaden i Narvik

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Høgskolen i Narvik» frå , den 22. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff Høgskolen i Narvik HiNCube prosjektet

Kategori:Narvik kommune Kategori:Skular i Alta Kategori:Utdanning i Nordland Kategori:Utdanning i Finnmark Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Nedleggingar i 2015 Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg