Indonesia, offisielt Republikken Indonesia, er eit land i Søraust-Asia og Oseania. Landet er verdas største øystat, bygt opp av 17 508 store og små øyar, der Sumatra, Java, Sulawesi, Kalimantan og Papua er dei største. Indonesia er med 275 millionar innbyggjarar det fjerde mest folkerike landet i verda, og er det landet der det bur flest muslimar, endå landet ikkje offisielt er ein islamsk stat. Hovudstaden er Jakarta.

Indonesia grensar mot Malaysia på øya Kalimantan, med Papua Ny-Guinea på øya Papua, og med Aust-Timor på Timor-øya. Andre naboland er Singapore, Filippinane, Australia, og dei indiske Andaman- og Nikobar-øyane.

Det indonesiske arkipelet har vore ein viktig handelsregion i alle fall sidan det sjuande hundreåret. På den tida handla Srivijaya-kongedømet aktivt med Kina og India. Over tid tok lokale hovdingar også til seg indisk kultur, religion og politiske modellar frå dei tidlege hundreåra etter vanleg tidsrekning, og hinduiske og buddhistiske kongedøme blømte.

Seinare har soga til Indonesia vorte påverka av framande makter som jakta på øyane sine naturressursar. Muslimske handelsfolk tok med seg islam, og europeiske stormakter kjempa om kven som skulle få monopolisere handelen på krydderøyane, Molukkane, under oppdagingstida. Etter 350 år med nederlandsk kolonialisme sikra Indonesia seg sjølvstende etter andre verdskrigen. Sidan har soga vore turbulent, med utfordringar grunna naturkatastrofar, korrupsjon, separatisme, demokratiseringsprosessen og periodar med snøgge økonomiske endringar.

Indonesia er samansett av mange særskilte etniske, språklege og religiøse grupperingar. Javanesarane er den største og politisk dominerande etniske gruppa. Med omsyn til dette mangfaldet har Indonesia arbeidd med å skape ein felles identitet forma av eitt nasjonalspråk, etnisk mangfald, religiøs fridom innan rammene av islam som dominerande religion, og ei fortid prega av kolonialisme og opprør mot kolonimakta. Indonesia sitt nasjonale motto, «Bhinneka tunggal ika» ('Fleire, jamvel ein'), skal syne mangfaldet som formar landet. Konfliktar mellom grupper og regionale separatistrørsler har likevel ført til valdelege konfrontasjonar som har gått ut over den politiske og økonomiske stabiliteten.

Trass det store innbyggjartalet og tett folkesette regionar, har Indonesia svære område av villmark som er grunnlaget for det nest høgaste biomangfaldet i eit land i verda. Landet har omfattande naturressursar, men fattigdom er enno eit vesentleg problem.

Etymologi

Namnet «Indonesia» kjem frå det latinske Indus, som tyder 'India', og det greske nesos for 'øy'. Namnet er kjend attende til 1700-talet, lenge før opprettinga av den moderne staten Indonesia. I 1850 føreslo George Earl, ein engelsk etnolog, nemninga «indunesiarar» og «malayunesiarar» for innbyggjarane på det indiske eller malayiske arkipelet. I det same tidsskriftet nytta James Richardson Logan, ein student av Earl, Indonesia som eit synonym for det indiske arkipelet.; Nederlandske akademikarar som skreiv i Aust-Indiske tidsskrift var mot bruk av nemninga Indonesia. I staden nytta dei omgrepa Malayarkipelet (Maleische Archipel); Nederlandsk Aust-India (Nederlandsch Oost Indië), populært kalla Indië; Austen (de Oost); eller også Insulinde.(This term was introduced in 1860 in the influential novel Max Havelaar (1859), written by Multatuli, critical of Dutch colonialism).

Sidan 1900 vart nemninga Indonesia meir vanleg i akademiske krinsar utanfor Nederland, og indonesiske nasjonalistar nytta namnet som eit politisk omgrep. Adolf Bastian, frå Universitetet i Berlin, populariserte namnet gjenom boka Indonesien oder die Inseln des Malayischen Archipels, 1884-1894. Den første indonesiske akademikaren som nytta namnet var Suwardi Suryaningrat (Ki Hajar Dewantara), då han skipa eit pressekontor i Nederland med namnet Indonesisch Pers-bureau i 1913.

Soge mini|Så tidleg som det første hundreåret gjorde indonesiske fartøy ferder så langt som til Afrika. Biletet viser eit skip hogt i Borobudur om lag rundt år 800. Fossile restar av Homo erectus, populært kjend som «Java-mannen», kan tyde på at det indonesiske arkipelet vart busett for to millionar til 500 000 år sidan.cited in ; cited in ;

cited in Austronesiske folkeslag, som utgjer stordelen av den noverande folkesetnaden, migrerte til Søraust-Asia frå Taiwan. Dei kom fram til Indonesia rundt 2000 år før vanleg tidsrekning, og avgrensa dei opphavlege Melanesiske folkeslaga til dei mest austlege områda etterkvart som dei ekspanderte.Taylor (2003), pages 5–7 Ideelle føresetnader for gardsbruk, meistring av teknikken for våtmarksdyrking av ris så tidleg som det åttande hundreåret fvt., gjorde det mogeleg for landsbyar, byar og små kongedøme å bløme innan det første hundreåret evt. Indonesia si strategiske plassering i høve sjøruter fostra handel mellom øyane og internasjonalt. Til dømes vart det etablert handelsband med både indiske kongedøme og Kina fleire hundre år fvt. Handel har sidan den gong sett eit vesentleg preg på indonesisk soge.Taylor (2003), pages 3, 9, 10–11, 13, 14–15, 18–20, 22–23; Vickers (2005), pages 18–20, 60, 133–134

mini|venstre|Muskattnøtt-planten høyrer opphavleg til på dei indonesiske Banda-øyane. Ein gong var den ei av verdas mest verdifulle handelsvarer, noko som lokka dei første europeiske kolonimaktene til Indonesia.

Frå det sjuande hundreåret blømte det mektige maritime Srivijaya-kongedømet grunna handelen og påverknad frå hinduisme og buddhisme som kom med dei handelsfarande.Taylor (2003), pages 22–26; Ricklefs (1991), page 3 Mellom det åttande og tiande hundreåret voks og fall dei buddhistiske og hinduiske jordbruks-kongedøma, høvesvis Sailendra og Mataram innanlands på Java. Desse bygde svære religiøse monument som Sailendra-kongedømet sitt Borobudur og Mataram sitt Prambanan. Det hinduiske Majapahit-kongedømet vart grunnlagt i den austlege delen av Java seint på 1200-talet. Under Gajah Mada fekk det påverknadskraft over store delar av Indonesia; denne perioden er ofte kalla ein gyllen tidsalder i indonesisk historie.

Sjølv om muslimske handelsfarande først for gjennom Søraust-Asia tidleg i den islamske æraen, er dei første prova på islamisert folkesetnad i Indonesia datert til 1200-talet i nordre Sumatra.Ricklefs (1991), pages 3 to 14 Andre indonesiske område vart over tid islamiserte, og islam var den dominerande religionen på Java og Sumatra ved slutten av 1500-talet. For det meste vart islam lagt opp på og blanda med dei eksisterande kulturelle og religiøse tradisjonane, noko som har forma den dominerande forma av islam i Indonesia, særskilt på Java.Ricklefs (1991), pages 12–14 Dei første europearane gjekk i land i Indonesia i 1512, då portugisiske handelsfarande, leia av Francisco Serrão, søkte å få monopol på kjeldene til muskatnøtt, kryddernellik, og cubeb-peppar på Molukkane. Nederlandske og britiske handelsfolk følgde etter. I 1602 skipa nederlendarane Det nederlandske austindiakompaniet (VOC) og vart den dominerande europeiske makta. Etter at VOC gjekk konkurs og vart formelt oppløyst i 1800 skipa dei nederlandske styresmaktene dei Nederlandske Aust-India øyane som ein nasjonalisert koloni.Ricklefs (1991), s. 24

I stordelen av kolonitida var nederlandsk kontroll over terriotoriet svak; først tidleg på 1900-talet fekk Nederland kontroll over det som vart Indonesias noverande grenser.Nederlandske styrkar var støtt i konflikt med opprørarar båe på Java og andre Indonesiske øyar. Påverknadskrafta til lokale leiarar som Prins Diponegoro på sentrale Java, Imam Bonjol i sentrale Sumatra og Pattimura på Molukkane, og ein blodig tredve års krig på Aceh svekka Nederland og bandt opp dei koloniale militærstyrkane.(Schwartz 1999, pages 3–4) Trass store interne poltiske, sosiale og sekteriske skilje under Nasjonalrevolusjonen, fann indonesarar, i det heile, einskap i kampen for sjølvstende. Den japanske invasjonen og følgjande okkupasjonen under den andre verdskrigen gjorde slutt på nederlandsk herredøme,; og oppmuntra den tidlegare undertrykte indonesiske sjølvstenderørsla. To dagar etter den japanske overgjevinga i august 1945, erklærte Sukarno, ein innflytingsrik nasjonalistisk leiar, sjølvstende og vart utpeika til president.; ; ; Reid (1973), page 30 Nederland prøvde å gjenreise styret sitt, og ein væpna og diplomatisk strid vart avslutta i desember 1949. Etter internasjonalt press godkjende Nederland då indonesisk sjølvstende; (med unntak av det nederlandske territoriet Vest Ny-Guinea, som vart inkorporert etter New York-semja av 1962, og SN-mandaterte Lov om fritt val).

mini|upright|høgre|Sukarno, skipande president i Indonesia

Sukarno gjekk frå demokrati mot autoritært styre, og heldt maktbasen sin gjennom å balansere dei motstridande maktpolane i militæret, og det indonesiske kommunistpartiet (PKI).Ricklefs (1991), pages 237 - 280 Eit kuppforsøk den 30. september 1965 vart slått attende av hæren, som leia ei valdeleg anti-kommunistisk utrensking. Under denne vart PKI skulda for kuppet og praktisk tala knust.Friend (2003), pages 107–109; ; Ricklefs (1991), pages 280–283, 284, 287–290 Mellom 500 000 og ein million menneske vart drepne.; Leiaren av militæret, General Suharto, utmanøvrerte den politisk svekka Sukarno, og vart formelt utpeika som president i mars 1968. Hans Nye ordning-regjering vart støtta av den amerikanske regjeringa,US National Archives, RG 59 Records of Department of State; cable no. 868, ref: Embtel 852, Oct 5 1965. ; Adrian Vickers, A History of Modern Indonesia. Cambridge University Press, p. 163; 2005; David Slater, Geopolitics and the Post-Colonial: Rethinking North-South Relations, London: Blackwell, p. 70 og oppmuntra utanlandsk direkte investering i Indonesia, som var ein hovudfaktor i dei neste tre årtia med omfattande økonomisk vekst.; ; Men den autoritære «Nye ordninga» vart frå fleire hald skulda for korrupsjon og undertrykking av politisk opposisjon.

I 1997-98 var Indonesia eit av dei hardast ramma landa under den asiatiske finanskrisa. Misnøye i folket med «den nye ordninga» enda i folkeprotestar. Suharto trekte seg den 21. mai 1998. Aust-Timor stemte i 1999 for å lausrive seg frå Indonesia, etter ein tjuefem år lang militær okkupasjon som var merkt av internasjonal fordømming av ofte brutal undertrykking av aust-timorarane.; Sidan Suharto trekte seg, har ei styrking av demokratiske prosessar omfatta eit regionalt sjølvstendeprogram, og det første direkte presidentvalet i 2004. Politisk og økonomisk ustabilitet, sosial uro, korrupsjon og terrorisme har seinka framgangen. Sjølv om tilhøvet mellom ulike religiøse og etniske grupper i stordelen er harmonisk, er akutt sekterisk misnøye og vald enno eit problem i visse område. Ein nådde ei politisk løysing på ei væpna konflikt i Aceh-provinsen i 2005.

Styresett og politikk

Indonesia er ein republikk leia av ein president. Som ein einingsstat er makta konsentrert hjå dei sentrale styresmaktene. Etter at President Suharto trekte seg i 1998, har politiske og styringsmessige strukturar gjennomgått store endringar. Gjennom fire endringar av grunnlova av 1945i 1998, 1999, 2000 and 2001 har ein reformert den utøvande-, lovgjevande- og dømande statsmakta. Den indonesiske presidenten er statsoverhovud, øvstkommanderande i dei indonesiske væpna styrkane, gjev lovføreslag og leier utanrikspolitikken og styringa av landet. Presidenten vel eit ministerråd, som ikkje treng vere valde medlemmar av den lovgjevande forsamlinga. Presidentvalet i 2004 var det første der folket valde presidenten og vise-presidenten direkte. Presidenten kan tene maksimalt i to etterfølgjande 5-års periodar._ (2002), The fourth Amendment of 1945 Indonesia Constitution, Chapter III – The Executive Power, Art. 7.

mini|Eit møte i Folkets representative råd i Jakarta