Linda Maria Ronstadt () er ein pensjonert USA-amerikansk songar innan ei rekkje sjangrar, som rock, country, lett opera og latinamerikansk musikk. Ho har vunne ti Grammyprisar, tre American Music Awards, to Academy of Country Music-prisar, ein Emmypris og ein ALMA Award. Mange av albuma hennar har selt til minst gullplate i USA og internasjonalt. Ho har òg blitt nominert til ein Tonypris og ein Golden Globe. Ho har vunne Latin Grammy-æresprisen av The Latin Recording Academy i 2011 og fekk Grammy-æresprisen av The Recording Academy i 2016. Ho vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i april 2014. 28. juli 2014 fekk ho nasjonalmedaljen for kunst og humaniora i USA. I 2019 fekk ho i lag med Dolly Parton og Emmylou Harris ei stjerne på Hollywood Walk of Fame for arbeidet deira som ein trio. Ronstadt var blant fem personar som fekk Kennedy Center Honors i 2019.

Ronstadt har gjeve ut 24 studioalbum og 15 samlealbum. Ho har hatt 38 singlar inne på US Billboard Hot 100-lista i USA. 21 av desse singlane nådde topp 40, ti av dei har nådd topp 10 og ein har nådd toppen av lista («You're No Good»). Ho hadde ikkje same suksessen i Storbritannia, og berre singelen «Blue Bayou» nådde topp 40 på den britiske singellista. Duetten til Ronstadt med Aaron Neville, «Don't Know Much», nådde andreplassen på den amerikanske singellista i desember 1989. Ho har hatt 36 album på lista, ti topp 10-album og tre album på toppen av den amerikanske Billboard Pop Album-lista.

Ronstadt har samarbeidd med artistar innan ei rekkje sjangrar, som Bette Midler, Billy Eckstine, Frank Zappa, Carla Bley (Escalator Over the Hill), Rosemary Clooney, Flaco Jiménez, Philip Glass, Warren Zevon, Emmylou Harris, Gram Parsons, Dolly Parton, Neil Young, Paul Simon, Earl Scruggs, Johnny Cash og Nelson Riddle. Ho har sunge på over 120 album og selt meir enn 100 millionar plater, som gjer ho til ein av dei bestseljande artistane nokon gong.http://lyricswww.ronstadt-linda.com/guestapp.doc Christopher Loudon i Jazz Times skreiv i 2004 at Ronstadt er «velsigna med den mest utrulege røysta i hennar generasjon.»

Ronstadt trappa ned etter 2000 då ho meinte at røysta hennar vart dårlegare, og gav ut det siste albumet sitt i 2004 og heldt den siste konserten sin i 2009. Ho annonserte at ho pensjonerte seg i 2011 og avslørte kort tid etter at ho ikkje lenger kunne syngje på grunn av ein degenerativ tilstand som seinare viste seg å vere progressiv supranukleær parese. Sidan den gongen har Ronstadt opptredd offentleg fleire gonger, og har hatt fleire turnéar der ho heldt offentlege talar i 2010-åra. Ho publiserte sjølvbiografien sin, Simple Dreams: A Musical Memoir, i september 2013. Ein dokumentar basert på memoara hennar, Linda Ronstadt: The Sound of My Voice, kom ut i 2019.

Tidleg liv Linda Maria Ronstadt vart fødd i Tucson i Arizona 15. juli 1946, som det tredje av dei fire barna til Gilbert Ronstadt (19111995), ein velståande maskinhandlar som styrte F. Ronstadt Co., og Ruth Mary (fødd Copeman) Ronstadt (19141982), som var heimeverande.

Ronstadt voks opp på ranchen til familien med syskena Peter (som var politimeister i Tucson i ti år frå 1981 til 1991), Michael J. og Gretchen (Suzy). Familien vart omtalt i magasinet Family Circle i 1953.

Faren til Linda kom frå ein nybyggjar-familien i Arizona og var av tysk, engelsk og mexicansk opphav. Familien hadde viktige bidrag i historia til Arizona, inkludert vognproduksjon, handel, apotek og musikk, og er skrive om i biblioteket i University of Arizona. Mor hennar Ruth Mary, var av tysk, engelsk og nederlandsk opphav, og voks opp i Flint i Michigan.

Karriere Tidlege år

Ronstadt hadde ein familie som var glad i musikk og tradisjonar, som påverka musikkstilen og musikkvala hennar seinare i karrieren. Då ho voks opp høyrde ho på mange typar musikk, mellom anna mexicansk musikk, som vart sunge av heile familien hennar og som var fast i barndommen.

Ronstadt har sagt at alt ho har spelt inn på sine eigne platerrock and roll, rhythm and blues, gospel, opera, country, kormusikk og mariachier musikk ho høyrde familien syngje i stova heime, eller ho høyrde på radio, som barn. Ho har sagt at det var mora som fekk ho til å like Gilbert and Sullivan og faren som introduserte ho til tradisjonell pop og Great American Songbook-repertoaret ho seinare skulle vere med å introdusere for ein heilt ny generasjon.

Frå tidleg av var syngjestilen hennar inspirert av songarar som Lola Beltrán og Édith Piaf. Ho har kalla synginga og rytmane deira «meir som gresk musikk. Det er ein slags 6/7-takt, særs drivande og særs intens.» Ho var òg inspirert av countrysongaren Hank Williams.

Ho har sagt at «alle jentesongarar» har til sjuande og sist «noko å takke Ella Fitzgerald og Billie Holiday for». Ronstadt sa om Maria Callas at «det finst ingen i hennar liga. Sånn er det. Punktum. Eg lærte meir om å syngje rock n roll frå å lytte til Maria Callas-plater enn eg gjorde av å lytte til popmusikk kvar søndag i ein månad. ... Ho er den største kvinnelege songaren nokon gong.»

Starten av karrieren 14 år gammal skipa Ronstadt ein visetrio med broren Peter og systera Gretchen. Gruppa spelte på kafear, brorskapshus og andre små stader, og kalla seg sjølv «The Union City Ramblers» og «The Three Ronstadts», og dei spelte til og med inn msuikk i eit studio i Tucson under namnet «The New Union Ramblers». Repertoaret deira bestod av musikk dei voks opp medfolk, country, bluegrass og mexicansk. Men Ronstadt ønskte stadig å lage ei blanding av folkemusikk og rock 'n' roll, og i 1964, etter eit semester på Arizona State University, valde 18-åring å flytte til Los Angeles.

The Stone Poneys

Ronstadt vitja ein ven frå Tucson, Bobby Kimmel, i Los Angeles under ein påskeferie i 1964, og seinare det året, kort tid før ho fylte 18, valde ho å flytte der permanent for å skipe eit band i lag med han. Kimmel hadde alt byrja å skrive folkrocksongar med gitarist-låtskrivar Kenny Edwards, og dei tre fekk etter kvart signert ein platekontrakt av Nik Venet hos Capitol sommaren 1966 som «The Stone Poneys». Trioen gav ut tre album i løpet av 15 månader i 1967 og 1968: The Stone Poneys, Evergreen, Volume 2 og Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III. Bandet er kjent for hitsingelen «Different Drum» (skriven av Michael Nesmith før han vart med i The Monkees), som nådde 13. plassen på Billboard Hot 100-lista som nådde 12. plassen på Cashbox-lista. 50 år seinare er songen framleis ein av dei mest populære Ronstadt-songane.

Solokarriere Ronstadt var framleis kontraktmessig forplikta til Capitol Records, og Ronstadt gav ut det første soloalbumet sitt, Hand Sown ... Home Grown, i 1969. Det er blitt kalla det første alternativ country-albumet av ei kvinne. I same perioden bidrog ho til prosjektet Music from Free Creek.

Ronstadt song på nokre reklamar på denne tida, mellom anna for elektriske barbermaskinar frå Remington, der lydspor frå både Ronstadt og Frank Zappa sa at barbermaskinen «cleans you, thrills you ... may even keep you from getting busted».

Det andre soloalbumet til Ronstadt, Silk Purse, kom ut i mars 1970. Det vart spelt inn i Nashville, og vart produsert av Elliot Mazer, som Ronstadt valde å samarbeide med etter råd frå Janis Joplin, etter at han hadde arbeidd med ho på Cheap Thrills. På plateomslaget til Silk Purse ser einRonstadt i ein gjørmete grisehage. Ronstadt har sagt at ho ikkje var nøgd med albumet, sjølv om det gav ho den første solohitten hennar, «Long, Long Time», og den første Grammynominasjonen hennar for beste kvinnelege song.

Turnering

I 1975 spelte Ronstadt konsertar med Jackson Browne, Eagles og Toots and the Maytals. I eit intervju med Rolling Stone i 1976 og Cameron Crowe sa Ronstadt «dei har ikkje funne opp eit ord for den einsemda ein kjenner når ein er ute på turné. Verda rasar forbi deg, verkeleg raskt, og alle desse folka ser på deg. ... Folk ser meg i 'jentesongar'-drakta.» I 1974 sa ho til Peter Knobler i Crawdaddy, «Folk utnyttar deg alltid. Alle som er interesserte i deg har ein baktanke.»Knobler, Peter. «Linda Ronstadt: It's Not That Easy Being the Pretty Girl on the Block» Crawdaddy, June 1974.

Fleire år før Ronstadt vart det forfattaren Gerri Hirshey kalla den første «arenarock-divaen» med «enormt forventa turnear», byrja ho soloturneane sine i Nord-Amerika. Men ho sleit både kjenslemessig og profesjonelt på desse turneane. Det var få andre «jentesongarar» i rockemiljøet på denne tida, og dei vart forviste til eit «groupie-nivå når me var ei ein flokk med berre rock and roll-karar», ein status Ronstadt klarte å unngå. Forholdet til menn på profesjonelt nivå som medmusikarar førte til konkurranse, utryggleik, dårlige romansar og ei rekkje kjæraste-managerar. På den tida hadde ho ovundring for songarar som Maria Muldaur som ikkje ofra kvinnelegheita si, men sa at ho kjende eit enormt sjølvpålagt press for å konkurrere med «gutane» på alle nivå. Ho sa i eit intervju i 1969 i Fusion Magazine at det var vanskeleg å vere ein einsleg jentesongar akkompagnert berre av menn. Det var vanskeleg for ho å få tak i musikarar til å spele for seg på grunn av egoproblemet deira med å spele bak ei kvinne. (Part 1 )

Kort tid etter ho gjekk solo seint i 1960-åra, var eit av dei første banda hennar det tidlege countryrockbandet Swampwater, som kombinerte cajun- og swamp-rock-element i musikken sin. Medlemmane her var mellom andre cajun-felespelaren Gib Guilbeau og John Beland, som seinare vart med i The Flying Burrito Brothers, i tillegg til Stan Pratt, Thad Maxwell og Eric White, bror av Clarence White i The Byrds. Swampwater akkompagnerte Ronstadt då ho spelte på The Johnny Cash Show The Mike Douglas Show og Big Sur Folk Festival.

Eit anna band med Don Henley, Glenn Frey, Bernie Leadon og Randy Meisner, starta seinare Eagles. Dei turnerte med ho ein kort periode i 1971 og spelte på Linda Ronstadt, det sjølvoppkalla tredjealbumet hennar. Ein singel frå albumet, Jackson Browne sin «Rock Me on the Water», selde dårleg. På dette stadiet byrja Ronstadt å arbeide med produsenten og kjærasten John Boylan. Ho sa «Så snart et byrja å arbeide med John Boylan, byrja eg å vere med å produsere meg sjølv. Eg var alltid ein del av min eigen produksjon. Men eg trengde alltid ein produsent som kunne utføre innfalla mine.» I 1971 byrja Ronstadt å snakke med David Geffen om å flytte frå Capitol Records til Geffen sitt Asylum Records.See generally Tom King, The Operator: David Geffen Builds, Buys, and Sells the New Hollywood, s. 159, 173, Broadway Books (New York 2001).

Samarbeid med Peter Asher

Ronstadt byrja på det fjerde soloalbumet sitt, Don't Cry Now, i 1973, med Boylan (som hadde forhandla kontrakten hennar med Asylum Records) og John David «J.D.» Souther som produsent på det meste av albumet. Men ho trengde nokon som kunne arbeidde med ho som ein likemann, så Ronstadt spurte Peter Asher, som var blitt sterkt tilrådd til ho av syster til James Taylor, Kate Taylor. Han hjelpte til å produsere to av songane: «Sail Away» og «I Believe in You».

Den første countryhitten til Ronstadt var på albumet, «Silver Threads and Golden Needles», som ho først hadde spelt inn på Hand Sown ... Home Grownog denne gongen nådde songen topp 20 på countrylista.

Don't Cry Now vart følgd av den største mogelegheita hennar til då, då ho varma opp for Neil Young på Time Fades Away-turneen hans, og spelte for eit større publikum enn ho hadde gjort før. Bak scenen på ein konsert i Texas, introduserte Chris Hillman ho for Emmylou Harris og sa til dei «De to kan bli gode vener», noko han fekk rett i og som førte til mange samarbeid dei neste åra. Samstundes vart albumet det mest suksessrike ho hadde hatt til då og selde 300 000 eksemplar i løpet av 1974.