Re-ac-tor er eit studioalbum av Neil Young og Crazy Horse, som kom ut i 1981. Albumet blandar den elektriske gitarstilen som Crazy Horse var kjend for mot slutten av 70-åra med tidleg 80-tals New Wave-rytmar. Den enkle, overdrivne lyden på songane er eit framhald av dei punkrock-aktige songane på Rust Never Sleeps, som «Sedan Delivery».

Albumet fekk dårleg kritikk, bortsett frå det siste sporet på albumet, «Shots». Albumet var det første der Neil Young nytta Synclavier, som han skulle nytte mykje på dei seinare albuma Trans (1982) og Landing on Water (1986).

Albumet kom ikkje ut på CD før det vart gjeve ut på HDCD i 2003.

Innhald

Medverkande Neil Young – vokal, gitar, Synclavier, piano, klapping Frank Sampedro – gitar, Stringman, vokal, klapping Billy Talbot – bass, vokal, klapping Ralph Molina – trommer, perkusjon, vokal, klapping

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Re-ac-tor» frå , den 29. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff Tekstar på HyperRust.org

Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Neil Young-album Kategori:Album produserte av David Briggs Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Crazy Horse-album Kategori:Kanadiske hardrockalbum Kategori:USA-amerikanske hardrockalbum