Furdalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring frå Holmevatnet nordvest for Verkland. Ho renn derfrå mot vest og ned i Furdalen, der ho fortset mot sørvest og gjennom Furdalsvatnet, deretter mot sør, til ho munnar ut i Yndesdalsvatnet rundt to km vest for Yndesdal. Elva er langNVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat, og har eit nedbørfelt på Norgesglasset , Statens kartverk.
I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Furdalselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. I Furdalsvatnet vart bestanden av aure sterkt redusert på 1980-taletAnnie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5 medan bestanden av aure vart heilt utrydda.Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4 I 1993/94 vart det sett ut aure igjen i vatnet for å freiste å reetablere bestanden. I 1998 viste ei undersøking at aurebestanden var tynn og at rekrutteringa var variabel. Under prøvefisket vart det òg fanga ein aure på 8 år, noko som tyder på at vatnet hadde ein minimal restbestand òg før utsettingane i 1993/94.
Kjelder
Kategori:Elvar i Gulen