Friedrich Karl Otto Wunderlich () var ein tysk lyrisk tenor kjend som Fritz Wunderlich. Han var i si tid ein av dei mest kjende songarane og tolkarane av lieder i Tyskland og gjorde ei kjend innspeling av Dichterliebe.
Wunderlich døydde under tragiske omstende rett før han fylte 36 år etter ei ulykke der han fall ned ei trapp i feriehuset til ein ven.
I 2008 vart Wunderlich kåra til den fjerde beste tenoren gjennom alle tider av lesarar av BBC Music Magazine.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fritz Wunderlich» frå , den 10. november 2010.
Bakgrunnsstoff
Fritz-Wunderlich-Gesellschaft
kategori:Tyske operasongarar kategori:Tenorar