Skrikebergtunnelen er ein vegtunnel på europaveg 39 i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Tunnelen går gjennom Skrikeberget sørvest for Ytre Oppedal i Risnefjorden. Tunnelen er 1508 meter lang. Saman med resten av vegen mellom Instefjord og Oppedal vart Skrikebergtunnelen opna 22. juni 1990.

Samtidig med denne vegstrekninga vart det opna eit nytt ferjeleie i Ytre Oppedal. Ferjestrekninga mellom Oppedal-Lavik erstatta ferjestrekninga mellom Brekke og Lavik, som hadde vore i drift sidan 1965. Det fyrste ferjesambandet i området vart opna i 1955, og gjekk mellom Instefjord og Vadheim i Høyanger kommune. Frå 1960 gjekk ferja mellom Instefjord og Lavik.

Vegen mellom Instefjord og Oppedal fekk utmerkinga Vakre vegers pris av Statens Vegvesen i 1992.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Skrikebergtunnelen» frå , den 11. november 2010.

Der vert desse kjeldene gjevne:

NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon: «E 39 mellom Sogn og Bergen» (17. januar 2006) Statens vegvesen: «Vakre vegers pris: 1992: E39 fra Instefjord til Oppedal (Sogn og Fjordane)»

Kategori:Tunnelar i Vestland kategori:Vegar i Gulen kategori:Tunnelar opna i 1990