Åkerdylle er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten har kosmopolitisk utbreiing. Han veks gjerne på strender og avfallsplassar, og i åkrar, der planta er eit ugras.

mini|venstre|Vekstform Skildring Planta blir 50–130 cm høg og har lange, krypande jordstenglar. Stengelen er opprett og forgreina øvst. Blada er blankt grøne, parflika med tanna bladrand og stengelomsluttande med avrunda flikar. Dei øvste blada har få eller ingen flikar. Blomsterkorgene er gyllengule og 4–5 cm i diameter. Korgskaft og korgdekke har gule kjertelhår. Frukta er til slutt brun og 3-3,5 mm lang. Åkerdylle blomstrar kring juli–september.

Utbreiing og vekstområde Åkerdylle stammar frå Eurasia, der han er utbreidd over det meste av kontinentet.Altervista Flora Italiana, Sonchus arvensis L. Han finst også forvilla i mange andre område, og er rekna som ein invasiv art nokre stader, som Nord-Amerika, New Zealand og Australia.Davidse, G., M. Sousa-Peña, S. Knapp & F. Chiang Cabrera. 2015. Asteraceae. 5(2): ined. In G. Davidse, M. Sousa Sánchez, S. Knapp & F. Chiang Cabrera (eds.) Flora Mesoamericana. Universidad Nacional Autónoma de México, México, D.F.Atlas of Living Australia

Åkerdylle veks på beitemark, i vegkantar og kjerr, ved breidda av vatn og elvarCorn sowthistle (Sonchus arvensis) by NSW WeedWise og ved kysten.

Varietetar Arten kan delast inn i to eller tre varietetar: kjerteldylle (var. arvensis) – har kjertelhår på korgskaft og korgdekke, den vanlegaste varieteten snaudylle (var. uliginosus) – har ikkje kjertelhår stranddylle (var. maritimus) – berre på havstrand, 15–35 cm høg, kan ha kjertelhår eller vera glatt, ikkje så breitt anerkjent

Økologi og bruk Blomane blir vitja av ulike insekt, særleg svevefluger i slekta Eristalis.

Unge blad på nokre få centimeter som ikkje har bitter smak kan brukast i salat. Dei kan også kokast i små mengder vatn som blir bytta ein gong. Plantrn kan innehalda giftige nitrat.

Ugras Åkerdylle er eit av dei verste ugrasa i åkrar med korn, poteter og grønsaker. I eng blir han derimot raskt utkonkurrert av gras. Haustpløying har liten verknad, og i økologisk landbruk kan han best nedkjempast med harving om våren. I kornåker nyttar tradisjonelt landbruk fenoksysyrer (MCPA, 2,4-D eller mekoprop-P) i nedkjempinga, i potetåkrar kan ein nytta rimsulfuron.

Galleri

Kjelder

Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985. Denne artikkelen bygger på «Agersvinemælk» frå , og «Åkermolke» frå den 14. november 2010.

Delar av denne artikkelen bygger på «Åkerdylle» frå , den 22. september 2026. oppgav desse kjeldene:  

Delar av denne artikkelen bygger på «Sonchus arvensis» frå , den 24. september 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien