Vangaer, frå vanga som er gassisk artsnamn for kroknebbvanga, Vanga curvirostris, er ei gruppe lite kjente små til mellomstore sporvefuglar avgrensa til Madagaskar og Komorane. Dei er vanlegvis klassifiserte som familien Vangidae. Familien samlar om lag 21 artar, avhengig av taksonomi. Dei fleste artane liknar varslarar, lever som skogsfuglar og beitar på krypdyr, froskar og insekt. Fleire gassiske fuglar som liknar meir på songarar, timalar eller flugesnapparar er no ofte plassert i denne familien. Medlemmene i familien kan variere mykje i utforming av nebb og har ei rekkje ulike måtar å skaffe føde på. Dei byggjer reir av trepinnar i tre. Dei er standfuglar.

Skildring Vangaer varierer i storleik, farge og form, men har likskapar i nebb, skalleform og i strukturen i ganen.Perrins, Christopher, ed. (2004) The New Encyclopedia of Birds, Oxford University Press, Oxford. Dette er små til mellomstore fuglar, varierande mellom 12 og 32 cm i lengd.Sinclair, Ian & Olivier, Langrand (1998) Birds of the Indian Ocean Islands, Struik, Cape Town. Mange har sterke nebb med krok som liknar nebbet hos varslarar. Stornebbvanga, har eit spesielt kraftig nebb med ein hjelmliknande utvekst på oversida. Andre artar, slik som Newtonia-artane, har eit lite, tynnt nebb. Sigdvanga er kjent for det lange, krumme nebbet brukt på å søkje føde i hòl og sprekkar.

Dei fleste vangaer er i stor grad svarte, brune eller grå på oversida og kvit under. Eit unntak er den blå og kvite blåvanga og den blågrå raudnebbvanga. Stornebbvanga er for det meste svart med ein raudbrun rygg. Hannar av svartvanga er heilt svarte medan hoene er brune. Dette er ein av fleire artar med distinkte ulikskapar i fjørdrakta mellom kjønna, hos andre artar er kjønna identiske i utsjånad.

Dei fleste vangaer har eit plystrande læte.

Distribusjon og habitat Vangafamilien er eit døme på adaptiv stråling, som har utvikla seg frå ein einskild grunnleggjande populasjon til ei rekkje varierande former tilpassa ulike nisjar okkuperte av andre fuglarfamiliar i tilsvarande nisjar i dei andre delane av verda.Garbutt, Nick (2004) Different by design: the Vangas of Madagascar, i: Africa - Birds & Birding, 9: 28-34. Alle vangaer er endemiske for Madagaskar unntatt blåvanga som òg finst på Komorane og på Mohéliøyane og, i det minste tidlegare, på Grande Comore. Dei finst over heile Madagaskar, i ei rekkje habitat av skog og kratt. Fleire artar inkludert hettevanga og sigdvanga kan leve i tørr lauvskog vest på øya. Nokre som mustasjetimal, stornebbvanga og svartvanga er avgrensa til regnskogen i aust på øya. Gapenebbvanga og den nyleg oppdaga raudskuldervanga opptrer i halvtørt tornekratt i sørvest.

Åtferd Føda kan innehalde insekt, meitemark, tusenbein, øgler og amfibium. Blåvanga og brillevanga et òg frukt. Mange artar beitar i små grupper, ofte i fleirartsflokkar av fleire vangaartar. Kroknebbvanga og gapenebbvanga har tendens til å beite åleine. Vangaer har ei rekkje ulike beitestrategiar. Mange artar plukkar opp mat frå greiner. Raudnebbvanga klatrar opp stammar og greiner som ei spettmeis, men klatrar ikkje nedover som spettmeiser gjer. Mustasjetimal søkjer føde ved å gå langs skogbotnen blant nedfallsblad. Brillevanga og smalnebbvanga flyg ofte mot byttet. Dei tre Xenopirostris-vangaene brukar det flattrykte nebba til å strippe av bork frå daude greiner for å søkje mat under borken.

Dei fleste artane hekkar i par, byggjer koppforma reir av kvister, bork, røter og blad. Sigdvanga hekkar i grupper og byggjer store reir av trepinnar.

Status og bevaring Nokre vangaartar er vanlege, slik som brillevanga som kan overleve i gjenplanta skog og i plantasjar av introduserte treslag. Men fleire andre artar er trua av tap av habitat grunna avskoging. Tjukknebbvanga er klassifisert som nær trua av BirdLife International og raudskuldervanga, svartvanga, stornebbvanga og raudhalesongar blir rekna som sårbare. Hettevanga er klassifisert som sterkt trua fordi arten er avgrensa til eit lite område i nordvestre Madagaskar kor skogen er i rask tilbakegang på grunn av rydding for jordbruk og av ukontrollerte skogbrannar.BirdLife International (2009) Species factsheet: Xenopirostris damii. Lese frå http://www.birdlife.org 15. november 2010. Hypositta perdita, engelsk 'Bluntschli's Vanga', er berre kjent frå to gamle prøver og er kategorisert som 'datamangel'.BirdLife International (2009) Species factsheet: Hypositta perdita. Lese frå http://www.birdlife.org 15. november 2010.

Taksonomi, slekter og artar Tilhøva deira til andre grupper av sporvefuglar er usikre, men dei synest nært knytt til einskilde gåtefulle afrikanske grupper: Prionops, typiske hjelmvarslarar og pløsauge-slekter som Bias og Megabyas.Fuchs, J.; Bowie, R.C.K.; Fjeldsa, J. & Pasquet, E. (2004) Phylogenetic relationships of the African bush-shrikes and helmet-shrikes (Passeriformes: Malaconotidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 33(2): 428-439. HTML abstract Dei synest òg å vere nær nokre asiatiske grupper som oskefuglar, Tephrodornis, og filentomaer, Philentomas i hjelmvarslarfamilien samt slekta Hemipus av larveetarar.Moyle, R.G., J. Cracraft, M. Lakim, J. Nais & F.H. Sheldon (2006), Reconsideration of the phylogenetic relationships of the enigmatic Bornean Bristlehead (Pityriasis gymnocephala), Mol. Phylogenet. Evol. 39, 893-898.

Sjølv om vangaer tradisjonelt var rekna å vere ein liten familie med generelt varslarliknande utsjånad, tyder nyare forsking på at fleire gassiske taksa som tidlegare var rekna som songarar, timalar eller flugesnapparar i staden er vangaer. Døme på artar som er flytta inn i vangafamilien er mustasjetimal, Mystacornis crossleyi og beltebias, Pseudobias wardi, tidlegare trudd å vere ein flugesnappar.Cibois, A.; Pasquet, E. & Schulenberg, T.S. (1999) Molecular systematics of the Malagasy babblers (Timaliidae) and Warblers (Sylviidae), based on cytochrome b and 16S rRNA sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 13(3): 581-595. HTML abstractCibois, A.; Slikas, B.; Schulenberg, T.S. & Pasquet, E. (2001) An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution 55(6): 1198-1206. PDF fulltext >Schulenberg, T.S. (2003) The Radiations of Passerine Birds on Madagascar. Goodman, Steven M. & Benstead, Jonathan P. (eds.): The Natural History of Madagascar: 1130-1134. University of Chicago Press. ISBN 0-226-30306-3 Dessutan heile slekta Newtonia, tidlegare Sylviidae og smalnebbvanga, Tylas eduardi, som er flytta frå bylbylar.Yamagishi, S.; Honda, M.; Eguchi, K. & Thorstrom, R. (2001) Extreme endemic radiation of the Malagasy Vangas (Aves: Passeriformes). Journal of Molecular Evolution 53(1): 39-46. Abstract

Artslista Vangaer i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Prionops, 8 artar av hjelmvarslarar

Slekt Megabyas Kvitbrystbias, Megabyas flammulatus, African Shrike-flycatcher, Verreaux & Verreaux, 1855, (LC)

Slekt Bias Toppbias, Bias musicus, Black-and-white Shrike-flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Tephrodornis Malabaraskefugl, Tephrodornis sylvicola, Malabar Woodshrike, Jerdon, 1839, (LC) Storoskefugl, Tephrodornis virgatus, Large Woodshrike, Temminck, 1824, (LC) Kvitbrynoskefugl, Tephrodornis pondicerianus, Common Woodshrike, Gmelin, 1789, (LC) Dunkelaskefugl, Tephrodornis affinis, Sri Lanka Woodshrike, Blyth, 1847, (LC)

Slekt Hemipus Bandflugeetar, Hemipus picatus, Bar-winged Flycatcher-shrike, Sykes, 1832, (LC) Svartvengflugeetar, Hemipus hirundinaceus, Black-winged Flycatcher-shrike, Temminck, 1822, (LC)

Slekt Philentoma Rustvengfilentoma, Philentoma pyrhoptera, Rufous-winged Philentoma, Temminck, 1836, (LC) Purpurbrystfilentoma, Philentoma velata, Maroon-breasted Philentoma, Temminck, 1825, (NT)

Slekt Newtonia Antandroyvanga, Newtonia archboldi, Archbold's Newtonia, Delacour & Berlioz, 1931, (LC) Merinavanga, Newtonia brunneicauda, Common Newtonia, Newton, 1863, (LC) Tanalavanga, Newtonia amphichroa, Dark Newtonia, Reichenow, 1891, (LC) Rustvengvanga, Newtonia fanovanae, Red-tailed Newtonia, Gyldenstolpe, 1933, (VU)

Slekt Tylas Smalnebbvanga, Tylas eduardi, Tylas Vanga, Hartlaub, 1862, (LC)

Slekt Calicalicus Meisevanga, Calicalicus madagascariensis, Red-tailed Vanga, Linné, 1766, (LC) Raudskuldervanga, Calicalicus rufocarpalis, Red-shouldered Vanga, Goodman, Hawkins & Domergue, 1997, (VU)

Slekt Hypositta Raudnebbvanga, Hypositta corallirostris, Nuthatch-Vanga, Newton, 1863, (LC)

Slekt Leptopterus Brillevanga, Leptopterus chabert, Chabert Vanga, Statius Müller, 1776, (LC)

Slekt Mystacornis Mustasjevanga, Mystacornis crossleyi, Crossley's Vanga, Grandidier, 1870, (LC)

Slekt Cyanolanius Blåvanga, Cyanolanius madagascarinus, Blue Vanga, Linné, 1766, (LC)

Slekt Vanga Kroknebbvanga, Vanga curvirostris, Hook-billed Vanga, Linné, 1766, (LC)

Slekt Pseudobias Beltevanga, Pseudobias wardi, Ward's Flycatcher, Sharpe, 1870, (LC)

Slekt Schetba Raudaugevanga, Schetba rufa, Rufous Vanga, Linné, 1766, (LC)

Slekt Euryceros Stornebbvanga, Euryceros prevostii, Helmet Vanga, Lesson, 1831, (VU)

Slekt Oriolia Svartvanga, Oriolia bernieri, Bernier's Vanga, Geoffroy Saint-Hilaire, 1838, (VU)

Slekt Falculea Sigdnebbvanga, Falculea palliata, Sickle-billed Vanga, Geoffroy Saint-Hilaire, 1836, (LC)

Slekt Artamella Kvithovudvanga, Artamella viridis, White-headed Vanga, Statius Müller, 1776, (LC)

Slekt Xenopirostris Tjukknebbvanga, Xenopirostris polleni, Pollen's Vanga, Schlegel, 1868, (NT) Gapenebbvanga, Xenopirostris xenopirostris, Lafresnaye's Vanga, Lafresnaye, 1850, (LC) Ankarafantsikavanga, Xenopirostris damii, Van Dam's Vanga, Schlegel, 1865, (EN)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vanga» frå , den xx. august 2010

Bakgrunnsstoff Videoar av vangaer hos Internet Bird Collection

Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar endemiske for Madagaskar