Mark Dennis González Hoffmann () er ein chilensk fotballspelar som har spela for russiske CSKA Moskva.
Karriere
Mark González vart fødd i Sør-Afrika, men flytte med mor si til Chile som tiåring. Der starta han karrieren sin i Santiago-klubben Universidad Católica. Han spela etter kvart på fyrstelaget deira og heldt fram der til 2004, då han vart kjøpt opp av spanske Albacete. Eigentleg skulle han ha gått over til Liverpool FC på lån i 2005, men vart nekta arbeidsløyve av britiske styresmakter. Medan han venta på dette, vart han lånt bort til spanske Real Sociedad. I 2006 fekk han arbeidsløyve og gjekk over til Liverpool.
Allereie i mai 2007 hadde Gonzáles skrive under kontrakt med spanske Real Betis, og spela for dei fram til sommaren 2009, då han gjekk over til russiske CSKA Moskva, som han spelar for enno.
Gonzáles har spelt på det chilenske landslaget sidan 2003, og deltok i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han i ein kamp mot Sveits, men Chile vart slått ut i åttandedelsfinalen mot Brasil.
Kjelder
Engelsk Wikipedia om Gonzales.
Kategori:Chilenske fotballspelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Real Betis-spelarar Kategori:CSKA Moskva-spelarar