mini|Tortilla gordita de manteca. mini|Tortillamaking skildra i Codex Mendoza. mini|Las Tortilleras av Pierre-Frederic Lehnert frå tidleg 1800-tal.
Tortilla er spansk for ‘lita kake’, og kan visa til ulike matrettar. I Spania og ein del andre spanskspråklege område kan det visa til ulike typar omelett, men i Sentral-Amerika, Mexico og i store delar av verda elles viser det til eit steikt flatt brød bakt med kveite eller mais. Desse tortillaene blir brukt i kjende retter som taco, enchilada og burrito.
Den spanske uttalen av «tortilla» er [torˈtiʎa] i Europa og [torˈtiʝa] i Mexico. I Noreg uttaler ein ofte namnet slik det er skrive, tortilla, eller tortilja.
Variantar Mais
Tortillaer laga av nixtamalisert maismjøl (masa de maíz) er den eldste typen amerikansk tortilla. Dei stammar frå Mexico og Sentral-Amerika, og har blitt populære i heile Amerika. Folk i Oaxaca-regionen i Mexico skal ha laga tortillaer for fyrste gong ved enden av Villa-stadiet (1500-500 f.Kr.). Ved slutten av 1800-talet blei dei fyrste mekaniske apparata for å laga tortillaer utvikla, kjende som tortillapresser, tortilleras eller tortilladoras, utvikla og produserte i Mexico.
Kveite Europearar introduserte kveite til Amerika, og ein byrja laga tortillaer av kveitemjøl. Denne skikken byrja i Nord-Mexico.
Kveitetortillaer inneheld feitt som olje eller smult, salt, ofte hevemiddel som bakepulver og andre ingrediensar. Elles er tilverkinga av kveitetortillaer på ein comal identisk med den av maistortillaer. Kveitetortilla blir nytta til rettar som burrito, taco og fajita. Dei er del av det daglege kosthaldet i heile Mexico, Sentral-Amerika og nokre delar av USA.
Nopaltilla Nopaltilla er ein tortilla laga av kaktus- og maismjøl. Ordet er sett saman av nopal, som er spansk for fikenkaktus (Opuntia ficus-indica), og tortilla.
Spansk potettortilla eller spansk omelett er ein rett laga av egg og potet med form som ein tjukk tortilla.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tortilla» frå , den 20. november 2010 og 24. mars 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Meksikansk mat Kategori:Spansk mat Kategori:Flate brød Kategori:Spanske ord og uttrykk Kategori:Maisretter Kategori:Flate brød