mini|Oversynsbilete over Bergen. mini|Lys, bilvegar og høghus i New York by. Ein by er eit tettbygd, meir eller mindre avgrensa geografisk område av ein viss storleik og/eller viktigheit. Karakteristiske trekk for ein by er tett busetnad, høvesvis stor folkesetnad, eit næringsliv dominert av handel, handverk og administrasjon, avgrensa vekt på jordbruk og sentral plassering med omsyn til kommunikasjonsårene i eit samfunn.

Byar skil seg frå mindre tettstader og landsbyar ved at det bur meir folk der, men grensa er uklår, og som regel vil ein statleg definisjon avgjera kva som er ein by. Det finst ingen allmenn internasjonal vedteken definisjon av by-omgrepet. Ulike land og organisasjonar har ulike definisjonar. Desse kan vera geografiske eller juridiske, og dei har endra seg over tid.

Definisjonar og særtrekk mini|Frå Tønsberg sentrum

Å gje ein allmenngyldig definisjon av omgrepet by er vanskeleg, fordi definisjonen varierer frå land til land, og funksjonen i byane har endra karakter gjennom historia. I Noreg omtalar ein ofte byliknande strøk og tettstadar som sentrum for ein kommune – juridisk var norske byar tidlegare definert som bykommunar i motsetnad til landkommunar.

Ordsoge Ordet «by» kjem frå norrønt býr, som tyder 'gard' eller 'plass med fleire bygningar'. Orda «by» og «bygd» har opphavleg nesten same tyding. «By» viser til busetnad som står tett på eit avgrensa område, medan bygd viser til spreidd busetnad i eit større geografisk landskap. Begge har likevel opphav i (bonde)gardsbusetnad, jfr. tydinga av det norrøne ordet býr. Dei første «byane» i Noreg var såleis korkje kaupangen i Skiringssal, Tønsberg eller Trondheim, men urgardar med det skildrande namnet By. Urgardane fekk korte einstavingsnamn som skildra det menneska der såg, namn som berg, fjell, haug, ås, stein, lund, bjørk, eik, ask, os, vik og by m.fl.

Den moderne forståinga av omgrepet «by» på norsk er derimot ei ganske anna. Byen er i funksjon og opphav knytt til handel, og tidlegare nordbuar kalla dei gryande handelsstadane sine for kaupangar (kjøpstadar). Frå Noreg er kaupangen i Skiringssal kjend som den eldste og best utforska. Likeeins kjenner ein til Birka i Sverige og Hedeby (Haithabu) i Danmark. På norrønt blei desse stadane sikkert refererte til som kaupangar, men busetnaden der dei fanst blei truleg omtalt som býr, og det kan vera ein vesentleg del av forklaringa på kvifor danskar og nordmenn i dag kallar kjøpstadane sine for byar. Svensk har halde på den opphavlege tydinga og her blir ordet by brukt om landsbyen frå jordbrukssamfunnet, medan kjøpstaden blir omtalt som stad.

Mellomalderen Mellomalderhistorikarar brukar tre ulike definisjonar på ein by:

Ein juridisk definisjon som seier at ein by er ein tettstad som er skild ut frå landet omkring ved at det har ein eigen jurisdiksjon. Ein økonomisk definisjon som seier at ein by er ein tettstad der menneska lever av jordbruksproduksjonen til andre, folkesetnaden hadde ikkje jordbruk som hovudsysselsetjing. Ein topografisk definisjon som seier at ein by er eit område der busetnaden er tettare enn i landet omkring.

Moderne definisjonar I dag brukar bygeografar – og andre som studerer fenomenet by – å referera til fire ulike typar kriterium som blir brukt til å definera byar og urbanitet: Busetnad og folkesetnad, samansetjinga av næringslivet, administrative kriterium og funksjonen i byen i høve til omlandet. Dei fleste definisjonane av by brukar eitt eller fleire slike kriterium.

Tett busetnad på eit avgrensa areal er den mest iaugefallande karakteristikken til byen. Det er samanhengar mellom busetnaden i byen og folkesetnaden i byen, i samtida og historisk. Ein viss folkesetnadsstorleik og ein viss folkesetnadstettleik innanfor eit avgrensa areal er viktige karakteristikkar for byar.

Næringslivet i ein by er dominert av handel, handverk og industri, samferdsel og administrasjon (sekundær- og tertiærnæringar). Næringar som fiske, jordbruk og skogbruk (primærnæringar) er tilsvarande lite karakteristiske for byar. Slike kriterium blir brukt i mange land for å skilja landsbyar frå byar.

Administrative kriterium dreier seg om juridiske tilhøve: Den historiske retten til ein stad til å kalla seg by. Retten til bystatus kunne gje visse rettar til innbyggjarane. Administrative kriterium kan tyda at fastsette bygrenser definerer urbanitet, sjølv om delar av området er landleg, medan andre urbane område fell utanfor fordi dei ligg utanfor bygrensene.

Funksjonen som servicestad av byen for omlandet er ein fjerde type kriterium for ein by. Nivået på denne funksjonen vil avgjera kva for ein type by det er snakk om. Pendlingsomlandet er ein del av funksjonaliteten til ein moderne by.Pacione, M: "Urban Geography: a global perspective", sidan 19-21. New York: Routledge, Taylor & Francis group, 3:e upplagan, 2009.

Byane og omlandet mini|Satellittbilete av Verona med omland.

Byar er som oftast eigne politiske einingar, eller dei er einingar som utgjer byen med omland. Fram til ganske nyleg (i Noreg til 1960, Sverige til 1970 og Finland til 2000) var interessene til byane rekna som så spesielle at byane berre styrte over sjølve byen, og aldri over omlandet. Slik er det framleis i mange land.

Byar i ulike klasser Frå seinmellomalderen til 1900-talet var byane i Norden ordna i to klasser: kjøpstadar og ladestadar. Kjøpstadane hadde fulle rettar til å driva handel og handverk, medan rettane til ladestadane var noko avgrensa, og dei var underordna ein kjøpstad. Men både kjøpstadar og ladestadar var byar.

Kyrkja er ein viktig faktor i vestlege byar. Ved sida av at nokre byar har ein del av opphavet sitt i kloster eller kyrkjer, blir byar med domkyrkje gjerne kalla «stiftsby». I Noreg og Danmark hadde dei mest sentrale byane, der biskopane hadde sete, lenge status som stiftsstadar. Seinare blei desse byane omtalt som landsdelhovudstadar, og seinast som storbyar i Noreg.

I England og enkelte land med engelske tradisjonar klassifiserer ein byar som anten city eller town. Det var opphavleg plassen til byane i kyrkjeleg rangering som var avgjerande; city var byar med katedral, ein town var ein mindre by som mangla katedral. I dag bruker ein village som nemning på tett folkesette stadar som ikkje er store nok til å kunna kallast town, men opphavleg var village ein landsby sterkt knytt til jordbruksnæringa.

I USA har kvar delstat eit lovverk om «hamlet», «village», «township», «town» og «city».

Landsby og by Byar må ikkje forvekslast med landsbyar. Landsbyar er ikkje kjøpstadar, dei er knytte til jordbruksnæringa, og har ein høg del yrkesaktive innan jordbruk. Byane derimot er knytte til næringar som handel, handverk og administrasjon. Omgrepet landsby blir vanlegvis ikkje nytta om tettstadar i Noreg, men om bybusetnad ein finn andre stadar i verda. Byane hadde ofte sentralfunksjonar for eit større område med landsbyar eller spreidd jordbruksbusetnad.

Folketalet er ikkje avgjerande for å skilja byar og landsbyar. Det finst landsbyar i Ungarn med 50 000 innbyggjarar.

I industrialiserte land er landsbyen ikkje like dominert av jordbruk som før. Mange landsbyar er urbaniserte, og fungerer som små drabantbyar innan ein større byregion. I Danmark brukar Danmarks Statistikk nemninga landsby på små byar, med mindre enn 1000 innbyggjarar, og i England blir nemninga village brukt på omtrent same måte.

Danmark og Sverige hadde landsbyar, medan denne typen busetnad mangla i Noreg, der landbruksbusetnaden låg meir spreidd, og enkeltgardane var dominerande. Den mangebølte garden kunne berre i nokre få tilfelle samanliknast med ein landsby. Kring 1960 festa nemninga tettstad seg som omgrep for den norske småbyen som juridisk sett ikkje var by. Statistisk sentralbyrå hadde då teke i bruk detta omgrepet for å avgrensa det urbane Noreg.

Formell bystatus mini|St Davids i Wales har ei domkyrkje hatt status som city sidan 1100-talet, men har berre rundt innbyggjarar. I mange land er det eit krav at byen skal ha ein formell heimel frå ei styresmakt, eit charter. Dette kan vera førekomst av ein eller annan definert byfunksjon, slik som ei domkyrkje med eit bispesete. Det kan også vera eit kongeleg privilegiebrev, eller eit vedtak i lokale politiske eller administrative organ. I USA blir det siste kalla incorporation.

Kjøpstadsrettar gav byane sterkt utvida indre sjølvstyre, med eige rettsvesen og sjølvstendig forvalting, og dessutan einerett for dei med borgarbrev til å driva næringsverksemd innanfor eit geografisk definert område. Kjøpstadsrettar var såleis verdifulle for nokon, medan det la store avgrensingar på andre.

Ein veit òg at Håkon VI den 16. mars i 1358 skreiv ut eit privilegiebrev som sikra Skien kjøpstadsrettar. Etter reformasjonen i 1536 fekk stadig fleire tettstadar slike rettar i Noreg.

Frå 1850 til i dag har slike privilegium i næringsverksemda blitt oppheva. I Noreg har kommunar med meir enn 5 000 innbyggjarar sidan 1997 kunna ta i bruk nemninga by for heile kommunen eller ein del av kommunen.

Byomgrepet som varedeklarasjon Kommuneloven av 1992 likestilte alle norske kommunar. Omgrepet by har ingen juridisk eller formell status i Noreg i dag. Omgrepet er likevel ikkje forsvunne.

Frå 1997 har alle kommunar med meir enn 5000 innbyggjarar og eit urbant sentrumsområde kunna kalla kommunen eller kommunesenteret for by. Dette kan skje etter vedtak i kommunestyret. Elverum (Leiret) er kommunesentrum i Elverum kommune, og dei valde å kalla seg by etter eige vedtak. Sandvika og Ski er andre døme på dette.

Omgrepet by blir mange stadar brukt til reklameføremål for handelsstanden. Levanger og Kolvereid er gode døme. Levanger var frå 1836 kjøpstad, men etter ei kommunesamanslåing i 1962 blei det bestemt at kommunen var ein landkommune. I 1996 vedtok Levanger kommunestyre at Levanger skulle kalla seg by, og ein la då vekt på at bynamn ville vera eit viktig moment i marknadsføringsamanheng, særleg for turistnæringa. Tilsvarande finn ein i Nærøy kommune ein av dei minste byane i landet, Kolvereid, med 1450 innbyggjarar. Ordføraren framhevar i eit intervju 2002 at det først og fremst er merksemda som er viktig. For det er ikkje til å koma frå at Nærøy er ein distriktskommune. Men regionsenteret Kolvereid har kvalitetar som ein by, ifølgje ordføraren.Først og fremst er det oppmerksomheten som er viktig for oss. Det er ikke til å komme fra at vi er en distriktskommune. Men vi har et regionsenter med kvaliteter som i en by. Ytre Namdal kan være stolte av å ha to slike regionsentere, sjøl om Vikna og Rørvik ikke har bystatusen formelt, sier Aspli. Namdalsavisas magasin, artikkel Velkommen til landets minste by publisert 13.6.2002

Statistisk byomgrep SSB fører ingen spesiell statistikk over kommunar eller tettstadar som kallar seg byar. Men SSB har eit godt utvikla verktøy for å laga statistikk for bymessige område eller tettbygde strøk. Byrået brukar eit spesielt statistisk byomgrep til å laga statistikk over byar og tettstadar. Dei såkalla tettstadane er definerte som samanhengande utbygde areal, og dei blir definert uavhengig av administrative grenser mellom kommunar og fylke. Grensene til tettstadene er dynamiske; dei blir flytte etterkvart som busetnaden blir utvida. Dei nordiske landa har ein definisjon som i hovudtrekk er samanfallande.

Ifølgje den nordiske tettstadsdefinisjonen er alle tettbygde område med ein viss maksimumavstand mellom husa og eit minimum folketal på 200 menneske å sjå på som ein tettstad i Noreg, ein tätort i Sverige eller eit byområde i Danmark. Maksimal avstand mellom husa er 200 meter, med unntak av Noreg som her opererer med 50 meter. Avstanden mellom husa kan overstiga dette der det er område som ikkje kan byggast ut, eller det er husklynger som naturleg høyrer med til ein tettstad.

SSB sitt omgrep blir òg kalla for eit dynamisk byomgrep fordi grensene til tettstadene har blitt justert frå folketeljing til folketeljing (kvart tiande år) etter 1950. No blir tettstadsgrensene justert årleg.