mini|Banda, og beten under tofta, stivar av båten på tvers. Innveden er den forsterkande konstruksjonen innvendig i ein klinkbygd båt. Dei viktigaste delane av innveden er esing, band og betar. Innveden er i regelen festa til bordgangane med trenaglar. Han vert ikkje festa før båten er oppborda. For at ikkje båten skal verte for stiv er ikkje innveden fast til kjølen.

venstre|mini|På denne snedbotna færingen ser vo to knottar bak framtofta, og to frammom baktofta Sunnmørsbåtar av snedbetningtypen har ekstra forsterkande innved, kalla knottar. Det er to i fremre delen av båten og to i bakre, tilpassa parvis på kvar side.. Dei liknar på kraftige band, er festa over esingane oppe, og skrår ned mot midten av båten. Dette for å forsterke båten der sjø og trakk av mannefot røyner mest

Innveden er fast i båten. Den delen av innreinga som er laus, som til dømes tiljer, tofter og auskar, vert kalla tilfar. Fotnotar

Kjelder Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1987 Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 2, 3 og 4. Asbjørn Klepp:Nordlandsbåter,-og båter fra Trøndelag. Grøndahl & søn A.S. Oslo 1983

Kategori:Trebåtar Kategori:Vassfartøykomponentar Kategori:Klinkbygging