Teigenes, tidlegare skrive Teigeneset, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 11.

Geografi Teigenes ligg på eit nes på nordsida av Teigevatn, og grensar i vest til Rutle og i aust til Teige.

Historie Teigenes vart skild ut frå Teige i ca. 1650. Garden har heile tida vore einbølt.

Namnet Teige kjem av nabogarden som Teigenes vart skilt ut frå. Teige fekk i sin tur namnet fordi fire teigar vart skilde ut frå Rutle og gjevne til Øn kyrkje i gammal tid. I kjeldene er namnet skrive «Teigeness» (1667) og «Teigenes» (1723).

Teigenes er ikkje brukt som gardsnamn andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teigenes» i 2003.

Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Vidare lesnad

Bakgrunnsstoff «Teigenes» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Teigenes» i matrikkelutkastet av 1950 «Teigenes» i gardsmatrikkelen for 1886

Kategori:Gardar i Hyllestad