Bersvend Martinusson Røkkum () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Stangvik på Nordmøre.
Far hans var leiglending på garden Røkkum/Rykkjem i Stangvik. Sjølv gjekk han i 1827 på Jakob Sverdrup sin landbruksskule i Sem i Vestfold. Han kjøpte garden Vassli i Halsa på Nordmøre og busette seg der. Sidan flytta han til garden Innreiten i Halsa, før han fór vidare til høvesvis Fløstad og Senberget i heimbygda Stangvik. År 1849 kjøpte han Røkkum, ein gard forfedrane hans hadde bygsla i fleire slektsledd.
Røkkum var den fyrste ordføraren i Halsa, sidan medlem av heradsstyret i Stangvik. Han var 3. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1842, medlem av justiskomiteen.
Røkkum døydde 1867 på ei reise til Kristiansund.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Folk frå Sunndal