__NOTOC__ Borkkryparar, eller australtrekryparar, er sju fugleartar i den biologiske familien Climacteridae. Dei er middels små, for det meste brune fuglar med mønster på undersida. Papuaborkkrypar lever på Ny-Guinea, alle andre er endemiske for Australia. Dei liknar, men er ikkje nærskylde til holarktiske trekryparar.
mini|venstre|Brunborkkrypar, Climacteris picumnus mini|venstre|Kvitstrupeborkkrypar, Cormobates leucophaea Som namnet ymtar om, beitar trekryparar insekt og andre smådyr som lever på og under borken på tre, for det meste eukalyptus. Tre av artane kan dessutan søkje føde på bakken, gjennom nedfallsblad, og på nedfalle tømmer. I motsetnad til trekryparar brukar dei berre føtene, og ikkje halen for støtte ved klatring på trestammar.
Borkkryparar hekkar i hòl i tre. Artane i familien dannar hekketerritorium, dei vernar om territoriet i varierande grad. Einskilde artar, som raudbrynborkkrypar og brunborkkrypar hekkar kooperativt, andre, som kvitstrupeborkkrypar gjer det ikkje. Dei kooperative hekkarane kan anten hekke aleine som par, danne grupper av fleire par eller eit enkelt hekkande par kan samarbeide med opp til tre hjelparar, vanlegvis er dette ungar frå førre kull. Hjelparar medverkar til bygging av reiret, fôring av rugande hofuglar og omsut for ungar.
Familien er ein av fleire familiar som er identifisert etter studiar med DNA-DNA hybridisering. Det er noko molekylær støtte for å meine at dei næraste slektningane deira er dei store lyrestjertar.
Artslista Borkkryparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Slekt Cormobates Papuaborkkrypar, Cormobates placens, Papuan Treecreeper, LC, Sclater, 1874 Kvitstrupeborkkrypar, Cormobates leucophaea, White-throated Treecreeper, LC, Latham, 1801
Slekt Climacteris Kvitbrynborkkrypar, Climacteris affinis, White-browed Treecreeper, LC, Blyth, 1864 Raudbrynborkkrypar, Climacteris erythrops, Red-browed Treecreeper, LC, Gould, 1841 Brunborkkrypar, Climacteris picumnus, Brown Treecreeper, LC, Temminck & Laugier, 1824 Sotborkkrypar, Climacteris melanurus, Black-tailed Treecreeper, LC, Gould, 1843 Kanelborkkrypar, Climacteris rufus, Rufous Treecreeper, LC, Gould, 1841
Andre liknande fuglar
Ikkje-nærskylde fuglar som liknar borkkryparar i utsjånad og eller levevis er: Trekryparar, Certhiidae, på den nordlege halvkula og ein art dels i Afrika sør for Sahara Treklatrarar, Rhabdornithidae, på Filippinane Treløparar, underfamilie av omnfuglar i den neotropiske regionen Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Australasian treecreeper» frå , den 4. desember 2010, og gav følgjande referansar:
Noske, N.A. (1991). A Demographic Comparison of Cooperatively Breeding and Noncooperative Treecreepers (Climacteridae). Emu 91 (2) 73 - 86 Sibley, C.G.; Schodde, R. & J.E. Ahlquist (1984) The relationship of the Australo-Papuan Treecreepers Climacteridae as indicated by DNA-DNA hybridizatio. Emu 84 (4): 236 - 241 Christidis, L.; Norman, J.; Scott, I. & M Westerman (1996) Molecular Perspectives on the Phylogenetic Affinities of Lyrebirds (Menuridae) and Treecreepers (Climacteridae). Australian Journal of Zoology 44 (3) 215 - 222
Referansar
Bakgrunnsstoff Videoar av borkkryparar hos Internet Bird Collection
Kategori:Sporvefuglar Kategori:Fuglar i den australske regionen