Ramsgrø er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 15.

Geografi Ramsgrø ligg ved Ramsgrøvatnet og tunet ligg på vestsida. Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går mellom vatnet og tunet. Garden grensar til Trøsdalen i vest, til Ulvika, Vassenden og Øn i sør, til Hydalen i aust og til Liane og Horne i nord.

Historie Garden har heile tida vore einbølt. På slutten av 1800-talet var det ein husmannsplass kalla Indre Ramsgrø under garden. Han vart fråflytt grunna steinsprang.

I 1919 vart Ramsgrø bedehus (Hornedalen bedehus) sett opp på garden.

Namnet Fyrstelekkjen «rams» kjem av planta ramsløk, medan andrelekkjen tyder 'ein grøn stad mellom fjell', eller å spire, gro.

I kjeldene er namnet skrive «Ramßgrødt» (1603 og 1608), «Ramßgrøe» (1667) og «Ramsgrøe» (1723).

Ramsgrø er brukt som gardsnamn også i Kvinnherad kommune, dessutan er det brukt som stadnamn fleire andre stader i landet, mellom anna på eit bruk under garden Flatabø inst i Fyksesund i Kvam herad.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Ramsgrø» i 1986.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff

«Ramsgrø» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Ramsgrø» i matrikkelutkastet av 1950 «Ramsgrø» i gardsmatrikkelen for 1886

Kategori:Gardar i Hyllestad