Anne Evenstad () var ein norsk gardbrukar og legatstiftar.
Liv og virke Anne Olsdotter Evenstad var fødd på husmannsplassen Kjølhammar under garden Atneosen i noverande Stor-Elvdal kommune.
Ho var trulova med Ole Olsen Evenstad (1827–1859) som var son av Ole Olsen Evenstad (1798–1859). Han døydde like før dei skulle gifte seg i 1859. Anne fekk likevel sonen deira, Ole. Same året døydde òg farfaren til den ufødde Ole, som testamenterte til Anne og den ufødte Ole kvar sin halvpart av Evenstad. Ho vart difor gardbrukar på storgarden Evenstad i Østerdalen.
I 1859 vart Anne Evenstad gift med Erik Bergersen Messelt (1825-1867).
Sonen Ole døydde barnlaus i 1891, og Anne arva heile Evenstadgodset.
Anne oppretta mange legat og var ein stor velgjerar. Etter at ho døydde kjøpte kommunen garden Evenstad. I 1912 vart Evenstad skogskole oppretta på garden etter ei legatgåve frå Anne.
Kjelder Anne Evenstad i Norsk Biografisk Leksikon Anne Evenstad i lokalhistoriewiki
Kategori:Østerdalen kategori:Folk frå Stor-Elvdal Kategori:Norske velgjerarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet