Dima Bilan () er ein russisk songar. Han representerte Russland i Eurovision Song Contest 2006 og kom på 2. plass. I 2008 representerte han Russland igjen i Eurovision Song Contest, denne gongen kom han på 1. plass.
I 2005 freista Bilan å bli Russland sin deltakar i Eurovision Song Contest med songen Not That Simple, men lukkast ikkje. Året etter forsøkte han igjen, og vann denne gongen den russiske konkurransen med songen Never Let You Go. Under Eurovision Song Contest 2006 i Aten enda han på 2. plass.
I 2008 vann han den russiske konkurransen på nytt med songen Believe. Under Eurovision Song Contest 2008 i Serbia vann han heile showet, og sørgde for at Eurovision Song Contest 2009 vart arrangert i Moskva.
Bilan har elles gjeve ut fleire cd-ar og singlar.
Kjelder
Bokmålswikipedia om Dima Bilan, henta inn 12. desember 2010.
'
Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Russiske songarar Kategori:Eurovision Song Contest 2006-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2008-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2008-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarlåtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2012 Kategori:EUROSONG 2013 - a MAD show Kategori:Russiske The Voice-dommarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest